• Blogg
  • Skuffa over opplæringslova

Skuffa over opplæringslova

27.08.2021

Arild Torvund Olsen

Nynorskelevane må få lovfesta rett til skriveprogram og læringsplattformer på nynorsk.

Skriveprogram og læringsplattformer er i dag dei viktigaste verktøya for skuleelevane. Det bør difor vere eit sjølvsagt krav at slike verktøy skal støtte både bokmål og nynorsk. Mange hadde håp om at den nye opplæringslova skulle lovfeste denne retten, men i det nye utkastet frå Kunnskapsdepartementet står det berre: Så langt råd er, skal skolen bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving. (§ 15-4)

– Det her er ikkje eit krav, berre eit fromt og uforpliktande ønske, seier høgskulelektor Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Han meiner lova må vere tydelegare og stille krav til at skriveprogram skal ha fungerande stavekontroll på både nynorsk og bokmål.

– Slik utkastet ser ut no, kan det sjå ut som dei har prøvd å tilpasse lova til leverandørane. I staden bør det vere leverandørane som tilpassar seg til norsk språk- og skulepolitikk, seier Torvund Olsen.