• Blogg
  • Små krav og store skilnader i lærarutdanninga

Små krav og store skilnader i lærarutdanninga

30.11.2023

Ida og Synnøve beskjært bilete komprimert til nettside

Stipendiat Ida Marie Jegteberg (til venstre) og leiar Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa). 

Det må setjast inn tiltak for at lærarstudentar skal få den nynorskkompetansen dei treng i yrket sitt. Det slår ein ny rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane fast. Nynorsksenteret har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Språkrådet. Han viser mellom anna at studentar som ikkje har norsk i fagkrinsen, ikkje får vurdert  nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si, med nokre få unntak. Det går utover elevane si opplæring i og på nynorsk.

Nynorsksenteret har fått i oppdrag frå Språkrådet å utarbeida eit kunnskapsgrunnlag om korleis ulike utdanningsinstitusjonar dokumenterer og sikrar at studentane får kompetanse i både nynorsk og bokmål, og dei har særleg sett på korleis nynorskkompetansen til lærarstudentar blir vurdert gjennom ulike utdanningar som kvalifiserer til læraryrket.  

Dei viktigaste funna

Nynorsksenteret har sett på emneplanar i grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. trinn og 5. til 10. trinn, lektorutdanning i norskfaglege emne, fellesemne i lektorutdanningar, norsk 1 og norsk 2 i vidareutdanningsordninga Kompetanse for kvalitet (KFK), vidareutdanningar i norsk 1 og norsk 2, PPU i norskdidaktikk i tillegg til ikkje-fagspesifikke PPU-utdanningar ved 14 norske utdanningsinstitusjonar. 

– Eitt av dei viktigaste funna i rapporten er at lærarstudentar med norsk i fagkrinsen, uavhengig av kva type lærarutdanning dei tek, generelt får nynorskkompetansen sin vurdert gjennom arbeidskrav eller eksamen på fleire tidspunkt gjennom utdanninga si, seier stipendiat Ida Marie Jegteberg ved Nynorsksenteret.  
 
Det er viktig å påpeika at det at dei får nynorskkompetansen sin vurdert, ikkje betyr at dei meistrar skriftspråket slik dei skal i læraryrket.  

– Studentane som ikkje har norsk i fagkrinsen, får derimot generelt ikkje vurdert nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si, dette med berre nokre få unntak. Unntaka gjeld fire utdanningsinstitusjonanar som i grunnskulelærarutdanninga for retninga 5 til 10 krev at studentane skal skriva nynorsk ved anten arbeidskrav eller eksamen, sjølv om dei ikkje har norsk som fag, seier Jegteberg.  

Eit anna viktig funn er at nynorskkompetansen og bokmålskompetansen til lærarstudentane sjeldan blir vurdert på lik linje. Det er ein tendens at studentane, i dei eksamenane det er språkkrav til, skal skriva nynorsk ved heimeeksamen og bokmål ved skuleeksamen.  

– Det må gjerast noko for å sikra at alle lærarar som skal undervisa i skulen, har den nynorskkompetansen som krevst, og me har føreslått tiltak som er retta både mot styresmaktene og institusjonane, seier leiar Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret. 

På Språkrådet.no kan du lesa rapporten om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane.

Rapport Språkrådet

Krav til og behov for nynorskkompetanse

Opplæringslova peikar på kva for språklege rettar elevar har gjennom skulegangen sin. Læreplanverket peikar på kva for kompetanse elevane skal oppnå. I utgangspunktet skal alle elevar læra både nynorsk og bokmål, anten det er som hovudmål eller som sidemål. Elevar med nynorsk som hovudmål treng opplæring på nynorsk i alle fag, og lesing og skriving er grunnleggande ferdigheiter. Lærarutdanningane skal utdanna lærarar til heile landet, og då treng lærarstudentane kompetanse i både bokmål og nynorsk. 

– I tillegg er språkkompetansen til læraren avgjerande for at elevar skal få god språkopplæring, seier Sætre.  
 
Nynorskkompetansen til lærarane er ein berebjelke for jamstillinga mellom språka. 

– At i utgangspunktet alle elevar i norsk skule får opplæring i begge språka, er ein føresetnad for at brukarar av både nynorsk og bokmål skal kunna bruka og bli møtt med språket sitt på alle område, seier Sætre.  

Bakgrunn

I 2014 kom Proba-rapporten som mellom anna handlar om nynorsk i lærarutdanningane, og særleg grunnskulelærarutdanninga. Grunnskulelærarutdanninga er inndelt i 1–7 og 5–10, og på GLU (grunnskulelærarutdanning) 5–10 er ikkje norsk obligatorisk for studentane. Rammeplanen for utdanninga seier at studentane skal ha kompetanse i både nynorsk og bokmål, men Proba-rapporten viser at det er særleg utfordrande når norsk ikkje er eit obligatorisk fag.   

– Fylgjegruppa for lærarutdanningsreforma som vart sett ned i samband med omlegginga av grunnskulelærarutdanninga i 2010, peikar på det same, og at bortfallet av obligatorisk norsk for 5–10 har ført til utfordringar for institusjonane når det gjeld å oppfylla krava i forskrifta knytte til meistring av både bokmål og nynorsk som profesjonsspråk, seier Sætre.  

Tidlegare forsking som dannar bakgrunnen for denne rapporten, dreg òg særleg fram utfordringa med at lærarstudentar på GLU 5–10 ikkje får den nynorskkompetansen rammeplanen krev, når dei ikkje har valt norsk som fag. 

– Språkbyterapporten som Språkrådet publiserte i fjor, peikar òg på at det er behov for å sjå på kva for nynorskkompetanse studentar som tek lektorutdanning og PPU, får gjennom utdanninga si, så det har me fylgt opp i denne rapporten, seier ho.  

Tilsette

Framtidas lærarar

I rapporten legg dei vekt på at studentar også i PPU og lektorutdanning må få nynorskkompetansen sin vurdert. I diagrammet over, som er basert på tal frå SSB, ser me ei fordeling av kva for pedagogisk utdanning tilsette i grunnskulen har i dag. Diagrammet under viser kva for utdanning lærarstudentane som vart uteksaminerte i 2022, har teke.  

– Dette er ikkje tal som kan samanliknast direkte, men me kan bruka dei som eit utgangspunkt for å sjå nokre tendensar. Til dømes kan me ut frå diagrammet under seia noko om at det kan sjå ut til at mange framtidige lærarar kjem til å vera utdanna gjennom PPU eller lektorutdanninga, to utdanningar som ikkje har nokon språkkrav i rammeplanane sine. Dette er også to utdanningar som, med mindre ein går lektorutdanning med norskemne eller PPU med norsk i botn, ikkje krev at studentane skriv på nynorsk ved eksamen eller arbeidskrav, forklarer Jegteberg.   

Utdanna

Kva har skjedd sidan 2014?

Det er ni år sidan Proba-rapporten vart publisert. Eitt av føremåla bak rapporten som Nynorsksenteret har utarbeidd, er å sjå på om det har vore noka utvikling sidan då. 

– Nokre institusjonar stiller tydelegare krav til skriving på nynorsk i grunnskulelærarutdanninga i dag enn i 2014, men med svært få unntak er det få tydelege betringar som har skjedd i GLU 1–7 og GLU 5–10 med norsk i fagkrinsen sidan Proba-rapporten kom. Som sagt er ikkje norsk eit obligatorisk fag for dei som går grunnskulelærarutdanning for 5. til 10. trinn, seier Jegteberg.  

 I 2014 skulle studentane som ikkje hadde norsk i fagkrinsen, ved nokre få tilfelle skriva nynorsk i arbeidskrav, medan ingen skulle bruka nynorsk til eksamen.  

– No i 2023 ser me at det er fleire som i studieplanane sine skriv om undervisning og/eller vurdering av nynorskkompetansen til lærarstudentane, men det er berre fire av tolv utdanningsinstitusjonar, OsloMet, HVO, INN og UiS, som i ein eller fleire emneplanar skildrar at studentane skal skriva nynorsk i arbeidskrav eller eksamen, sjølv om dei ikkje vel norsk som fag, seier Jegteberg.   

Det er også viktig å peika på at det er fleire utdanningsinstitusjonar som i studieplanen seier at studentane skal bli vurderte i nynorsk, men vurderinga er ikkje konkretisert i emneplanane og er difor ikkje teken med her.  

– At fire institusjonar no skildrar i emneplanen at studentane skal vurderast i nynorsk, er betre enn i 2014, men det er framleis få i det store biletet, seier Jegteberg.   

Måndag 27. november vart rapporten om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane lansert på eit nettseminar i regi av Språkrådet. Her kan du sjå opptak frå nettseminaret der stipendiat Ida Marie Jegteberg og leiar Synnøve Marie Sætre frå Nynorsksenteret deltok. 

Forslag til tiltak

På bakgrunn av funna i rapporten føreslår Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) mellom anna fylgjande tiltak.
Fleire framlegg til tiltak finn du i rapporten.

Tiltak som er retta mot styresmaktene

  • Sterkare styring av ansvar 
    Både funna i rapporten og studiane som er del av bakgrunnsstoffet, peikar på at det trengst sterkare styring av kven som skal ha ansvaret for å sikre både den didaktiske og språklege nynorskkompetansen til alle lærarstudentar. 
     
  • Norsk som obligatorisk fag i GLU 5–10 
    Skal lærarstudentane få naudsynt nynorskkompetanse, uavhengig av kva fag dei har i fagkrinsen, bør norsk bli ein obligatorisk del av GLU 5–10 igjen. 
     
  • Språkkrav i rammeplanane 
    Funna i denne rapporten viser at nynorskkompetansen til lærarstudentane i større grad vert forsøkt sikra i dei lærarutdanningane der forskrifta til rammeplanen krev nynorskkompetanse. Sidan forskrifta legg føringar for kva som skjer i praksis, er det viktig at formuleringar om språkkompetanse kjem inn i rammeplanane også for lektorutdanning og PPU. 
     
  • Gode ordningar som sikrar nynorskkompetanse 
    Det finst fleire gode praksisar for å sikre nynorskkompetanse kring i landet. Eit tiltak kan difor vera å setja ned eit utval der representantar frå ulike utdanningsinstitusjonar kan utvikla ordningar som sikrar nynorskkompetanse hjå alle lærarstudentar. 

Tiltaka som er retta mot institusjonane:

  • Ordningar for fellesemne 
    Få på plass ordningar som sikrar nynorskkompetanse også for dei som ikkje har norsk i fagkrinsen, og for studentar ved alle ulike lærarutdanningar. 
     
  • Vektlegging av språk 
    Sjølv om det er krav til at studentane skal skriva på nynorsk og bokmål i vurderingar i dei ulike lærarutdanningane, er det vanskeleg å seia noko om kor mykje språket har å seia i vurderingane av desse tekstane. Eit tiltak vil difor vera å vektleggja språk i vurderingane. 
     
  • Nynorskdidaktikk i lærarutdanningane 
    Læraryrket stiller krav til språkkompetanse som går ut over den kompetansen som trengst for å vera ein kompetent språkbrukar. Som lærar må ein også gå inn i rolla som språkanalytikar og språkpedagog. Lærarutdanningane har eit ansvar for å gjera studentane til profesjonelle språkbrukarar. Det ser ut til å liggja eit unytta potensial ved mange utdanningsinstitusjonar når det gjeld nettopp nynorskdidaktikk. 
     
  • Synleggjere nynorsk 
    I 2022 var det ingen høgskular eller universitet som oppfylte målsetnadane i språklova om bruk av både nynorsk og bokmål. For dei fleste studiestadene betyr det at dei bruker for lite nynorsk. At studiestadene skal synleggjera nynorsk i alle kanalar, handlar ikkje berre om å etterleva lovkrav. Å bli eksponert for nynorsk kan støtta studentane i arbeidet med å meistra språket. 

Vidare forsking

  • Kvalitativ tilnærming med same problemstilling 
    Det er behov for forsking som viser korleis praksisen i utdanningane faktisk er, og kva for nynorskkompetanse lærarstudentane faktisk har etter enda utdanning. Med ei meir kvalitativ tilnærming til problemstillinga som er utgangspunktet for denne rapporten, kan ein få meir inngåande kunnskap om praksisen ved utdanningsinstitusjonane og eit breiare grunnlag til å føreslå vidare tiltak. 
     
  • Forsking på nynorskdidaktikk i lærarutdanningane 
    Me har allereie slått fast at det er behov for at lærarstudentane får opplæring i nynorskdidaktikk. Det er òg behov for å finna ut meir om kva som allereie vert gjort på dette feltet. Å forska på kva lærarstudentane lærer om nynorskdidaktikk i utdanninga si, kan danna grunnlag for vidare utvikling av lærarutdanningane.