• Blogg
  • Store skilnader mellom skulebiblioteka

Store skilnader mellom skulebiblioteka

18.09.2023

Live Havro Bjørnstad til nettside

Barn og unge har svært ulike skulebibliotektilbod.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden

– Den nye opplæringslova er utydeleg på kva skulebibliotek skal vere, meiner spesialbibliotekar Live Havro Bjørnstad ved Bergen katedralskole.

Den nye opplæringslova vart vedteken i vår og skal gjelde frå august 2024.

– Lova gir skuleeigarane få retningslinjer for kva dei må tilby elevane. Det står at alle elevar skal ha tilgang til skulebibliotek, men det står ikkje kva det skulebiblioteket skal vere. Her i Bergen til dømes, har to skular tilsett skulebibliotekar i 100 prosent stilling, medan andre skular har ein kontortilsett som har ansvar for å rydde på eit boklager. Det fører til at det er veldig store skilnader på kva tilbod barn og unge får, seier Bjørnstad.

Dette har ho fått stadfesta gjennom kontakt med andre skulebibliotek.

– Vi meiner dette er eit demokratisk problem, og at det går ut over retten til lik rett til utdanning, seier Bjørnstad.

Eit døme

Vi kan kome med eit døme frå to barneskular. På Gamlebyen skole i Oslo er alle klassene innom skulebiblioteket kvar veke. Skulen har ein skulebibliotekar i 100 prosent stilling som kan hjelpe elevane med å finne bøker som dei liker. Det vert også arrangert kunstutstillingar, bokkafé, forteljarstunder og leseklubb på biblioteket. På Breim skule i Vestland fylke derimot har elevane berre tilgang til ei bokkasse i klasserommet der bøkene vert skifta ut to gongar i halvåret.

Bjørnstad forstår at ikkje alle skular kan ha eit eige skulebibliotek med ein bibliotekar i 100 prosent stilling. Kombinasjonsbibliotek kan fungere på mindre stader, men det krev ein innsats frå kommunen og folkebiblioteka for å få det til. Det er viktig at skulen får det som han treng.

– Eit godt skulebibliotek krev at det er nokon som jobbar der i ein større prosent og ikkje berre 1 time i veka. Ein person som sørger for at samlinga vert utvikla, og at ein har tilgang til bøker som elevane har lyst til å lese. Nokon som har tid til å sjå elevane, prate med dei, finne rett bok til rett elev, seier Bjørnstad.

Kampanje

I april skreiv Norsk Bibliotekforening at politikarane gjennom den nye opplæringslova hadde sjansen til å gjere endringar som gav alle elevar gode skulebibliotek.

– Vi hadde håpa på at den nye opplæringslova skulle seie noko meir om innhaldet i skulebibliotek og ha betre rammer for kva skulebibliotek skal vere, slik at det vart lettare å prioritere skulebibliotek i lokale rammebudsjett, seier Bjørnstad.

Det gjekk dessverre ikkje heilt som dei hadde håpa på med den nye opplæringslova, men det har likevel skjedd noko positivt.

– Det oppstod eit grasrotengasjement som set søkelys på kvifor skulebiblioteka er viktige, og veldig mange engasjerer seg, seier ho.

Live Havro Bjørnstad har saman med David Kvamme Høvik og Elisabeth Jensen Lombnæs starta Instagram-kampanjen #heiaskulebiblioteka. Her har dei fått fleire politikarar til å skrive kvifor dei heiar på gode skulebibliotek. Ei av dei som har stilt opp, er kunnskapsminister Tonje Brenna.

Lesande ungdomskulegutar til nettside
Illustrasjonsfoto: Jorid Saure

Leselyststrategi

I 2024 skal regjeringa legge fram ein eigen leselyststrategi.

– Skal ein satse på leselyst-arbeid, må ein satse på skulebibliotek, fordi det er ein institusjon der ein kan garantere at absolutt alle elevar kjem innom, seier Bjørnstad.

Det er viktig at alle elevar kjenner til at ein kan gå på biblioteket og låne bøker gratis. Viss du har vore på skulebiblioteket, blir kanskje terskelen for å oppsøke folkebiblioteket lågare.

– Skulebiblioteka bør vere ein sentral del av leselyststrategien. Det føregår mykje formidlingsarbeid i biblioteka som vi må sikre at alle får tilgang til, meiner ho.

Læringssenter

Eit velfungerande skulebibliotek speler også ei viktig rolle som læringssenter.

– Det skal vere eit rom det er godt å vere i for elevane, men samstundes ein del av det pedagogiske tilbodet i skulen, seier Bjørnstad.

Ho trur mange elevar set pris på skulebiblioteket som eit vurderingsfritt rom.

– Elevane kan vere med på å forme rommet sjølv, læringa skjer på deira premissar. Eg trur det skjer mykje utforskande og sjølvstendig læring i skulebiblioteka, seier Bjørnstad.

Samstundes kan skulebibliotekaren samarbeide med læraren.

– Vi kan vere med i timar, til dømes halde kurs i kjeldesøk og kjeldekritikk. Vi kan også bidra med hjelp til prosjektarbeid, halde bokpresentasjonar og organisere leseprosjekt saman med lærarane, seier ho.

Ei svært viktig oppgåve for skulebibliotekaren er å hjelpe barn og unge med å finne dei rette bøkene.

– Alle kan få oppleve noko fint i møte med litteraturen. Det speler inga rolle om det er ei lettlesen bok om fotball eller Dostojevskij. Alle kan få gode leseopplevingar og kanskje lære noko nytt om seg sjølv eller verda på den måten, seier Bjørnstad.

Kjelder

Denne plastkassa er skulebiblioteket til elevane (Artikkel frå NRK)

Kunsten å vekke et lesebegjær (Artikkel frå Periskop)

Gi alle elever gode skolebibliotek (Tekst frå Norsk Bibliotekforening)