• Blogg
  • Tekstskaping i nye kontekstar

Tekstskaping i nye kontekstar

18.11.2021

Illustrasjonsbilete til Jorid sin tekst Foto av Note Thanun Unsplash til nettside

Korleis kan levande bilete, tekstutdrag og musikk formidle ei forteljing? Dette spørsmålet tek hundrevis av elevar stilling til gjennom Nynorsksenteret sitt prosjekt «Tekstskaping på Instagram».

Illustrasjonsfoto: Note Thanum, Unsplash

Forfattar Terje Torkildsen har skrive ei heilt ny novelle, «Heime-aleine-fest», som er utgangspunkt for prosjektet. Gjennom tre skriveoppdrag skal elevane skrive vidare på utdrag frå denne novella. Tekstane dei skriv, skal dei formgje med lyd, bilete og korte filmsnuttar, slik at teksten kan formidlast som ei digital forteljing på Instagram.

– Vi har fått fleire kjekke tilbakemeldingar frå lærarar på tekstskapingsprosjektet, og vi har mottatt mange flotte elevbidrag, seier Jorid Saure ved Nynorsksenteret.

Framover blir eit utval av dei digitale forteljingane publiserte på Instagram-kontoen nynorsksenteret_tekstskaping.
På nyåret vil denne ressursen bli tilgjengeleg for alle på nettsidene til Nynorsksenteret.

Digitalt kompetente ungdomar

Ungdomar brukar digital teknologi dagleg, og den utstrekte bruken av sosiale medium har gitt dei fleste unge ein digital grunnkompetanse. Ungdomar veit korleis dei set tekst til eit bilete for å fremme ein bodskap, og mange av dei er medvitne om kva slags verkemiddel og digitale verktøy dei kan bruke for best å formidle eit poeng. Ved å byggje på elevane sin digitale kompetanse ønskjer vi å utfordre dei til å arbeide med nynorsk tekstskaping på ein ny og kreativ måte. Elevane skal skrive tekstutdrag og utforme digitale forteljingar i lag, og utforske det digitale formatet gjennom ei norskfagleg oppgåve. Elevane skal også reflektere over kva moglegheiter det digitale formatet gjev, som ikkje papiret gjev. Tekstskaping er ein krevjande kognitiv prosess, og kommunikasjonen og samhandlinga mellom elevane kan gjere arbeidet meir motiverande. Å skrive og utforme digitale tekstar i lag fremmar ei dialogisk tilnærming til læring, der elevane må bruke både dei munnlege, skriftlege og digitale ferdigheitene sine.

– Når eleven utvidar den skriftlege teksten sin til å bli ei digital forteljing, får han ei ny erfaring i kva tekstskaping er. Altfor mange elevtekstar blir liggjande på ein harddisk eller i ei skrivebok. Spranget mellom å skrive og visualisere, fremjar ei utforskande tilnærming til skriving som vi håpar motiverer og inspirerer elevane, fortel Jorid.

Ho trur det er viktig at elevane får skrive og uttrykke seg på nynorsk i mange ulike kontekstar, også digitale. Difor er det så ekstra kjekt at så mange elevar frå ulike ungdomsskular og vidaregåande skular har arbeidd med tekstskapingsprosjektet til Nynorsksenteret.

Jorid
Jorid Saure ved Nynorsksenteret

Å vise og utvikle norskfagleg kompetanse

Ifølgje læreplanen i norsk viser og utviklar eleven kompetanse når han eller ho brukar fagspråk, argumenterer, reflekterer og eksperimenterer i munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike føremål. I læringsopplegget «Tekstskaping på Instagram» må elevane tileigne seg og nytte eit fagspråk for å gjere greie for dei ulike vala dei gjer undervegs i skrive- og tekstskapingsarbeidet. Elevane skal også presentere tekstane for kvarandre og vurdere dei ut frå visse vurderingspunkt. Tekstutforminga skjer i tre rundar, så elevane kan byggje vidare på dei erfaringane og tilbakemeldingane dei får undervegs i tekstskapingsarbeidet. Slik ønskjer vi å leggje til rette for at skrive- og tekstutforminga skal bli ein læringsspiral, der elevane får moglegheit til å utvikle ferdigheitene og kompetansen sin i norskfaget.

Å kombinere skrift med ulike uttrykksformer

Eit av kjerneelementa i norsklæreplanen er Skriftleg tekstskaping, og ei sentral formulering er at elevane skal kunne skrive på hovudmål og sidemål i ulike sjangrar og for ulike føremål. Elevane skal kunne kombinere skrift med andre uttrykksformer og oppleve skriveopplæringa som meiningsfull. Det er gjennomgåande i heile læreplanen at opplæringa bør leggje til rette for elevaktivisering og utforskande læringsaktivitetar. Difor er det viktig for oss på Nynorsksenteret å vise fram ei nynorskopplæring som vi håpar kan engasjere og inspirere elevane til å jobbe med tekstskaping på ein ny måte.