• Blogg
  • Vaksenopplæringa treng gode læreverk på nynorsk

Vaksenopplæringa treng gode læreverk på nynorsk

24.02.2025

Sonja Jordanger Loen lysredigert og komprimert til nettside

Sonja Jordanger Loen er rektor ved Gloppen opplæringssenter. – Det er viktig å ha gode læreverk på nynorsk som dekkjer alle språknivå i vaksenopplæringa, seier ho.

Foto: Siv Kvalsvik Haugen 
Intervjuar: Ingvild Myklebust Hovden

Sonja Jordanger Loen har 22 år med erfaring frå vaksenopplæringa. Tidlegare jobba ho med vaksenopplæring og integrering i Sunnfjord kommune. No arbeider ho ved Gloppen opplæringssenter på Sandane. 

– Kva fordelar ser du ved å lære nynorsk som andrespråk i vaksenopplæringa? 

– Det er mange positive ting ved å undervise på nynorsk i vaksenopplæringa. Språk og inkludering heng tett saman. Difor er det ein stor fordel at innvandrarane lærer den målforma som vert brukt der dei bur. Spesielt viktig er kanskje talemålet. I kvardagen møter deltakarene folk på ulike arenaer, og det å kommunisere, gjere seg forstått og forstå den ein snakkar med, er nødvendig i mange situasjonar gjennom ein dag. Mange av deltakarane i vaksenopplæringa har barn og ungdom i grunnskulealder. Det vil difor vere enklare for innvandrarforeldre å hjelpe barna med lekser og å forstå brev, vekeplanar og annan informasjon som barna deira får med heim frå skulen. Eit anna element er statusen til nynorsken i Noreg. I undervisninga lærer deltakarane at vi har to likestilte skriftsspråk i Noreg. Då må ein også i praksis kunne vise at det er slik, ved at ein har rikeleg materiell tilgjengeleg på nynorsk, seier Sonja Jordanger Loen.

– Kva treng du for å kunne undervise i nynorsk som andrespråk i vaksenopplæringa? 

– Det er viktig å ha gode læreverk som dekkjer alle språknivå i opplæringa, slik at ein til dømes slepp å skifte læreverk når ein er ferdige med nivå A1 og A2, fordi læreboka på nivå B1 og B2 berre finst på bokmål. Ein treng fullverdige læreverk med nettressursar, som kan brukast både i opplæring med roleg og rask progresjon. På skulen vår ynskjer vi oss ei revidert og forenkla utgåve av «Nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege» der den aller viktigaste og mest sentrale grammatikken vert presentert. Det hastar med å få læreverk på nynorsk til den førebuande opplæringa for vaksne, FOV. Nye læreplanar var innførte 1. august i 2024, men framleis er det nesten ikkje kome noko undervisningsmateriell på nynorsk. I dag finst det mange gode nettstader og appar som kan nyttast i språkopplæringa. Dessverre er nesten alle appar berre på bokmål, og mykje av undervisningsmateriellet på nettstader er heller ikkje på nynorsk. 

– Kan du utdjupe kvifor dette er så viktig?

– Metodikken i dei ulike læreverka kan variere ein del, og det er viktig at ein lærar har fridom til å velje læreverk for å finne ut kva som passar elevgruppa best. For å skape variasjon i undervisninga er det å bruke nettstader og appar svært aktuelt. Dette kan fremje motivasjon og lærelyst, noko som igjen kan føre til raskare framgang i innlæringa av språk. 

Nynorsk for innvandrar til nettside
Illustrasjonsfoto: Nynorsksenteret

– Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til omsetting av læremiddel. Desse læremidla skal brukast i opplæringa i nynorsk som andrespråk for vaksne. Kva tenker du om dette? 

– Dette er ei fantastisk god nyheit som viser at HK-dir har forståing for utfordringane på dette området. Ein kan håpe på at det kjem liknande utlysingar også i framtida. 

– Kva utfordringar opplever du som lærar når du skal undervise i nynorsk i vaksenopplæringa? 

– Google Translate er mykje brukt i opplæringa, men også den finst dessverre berre på bokmål. Det vert difor ein ekstra veg å gå for læraren å forklare og å finne ut om omsetjinga kan brukast eller ikkje. I ein del tilfelle får ein kanskje heilt andre omsetjingar enn det som er riktig. Dette kan skape misforståing, men deltakarene og lærarane tek det stort sett med godt humør. Det at det nesten ikkje finst læreverk som er tilpassa dei nye FOV-læreplanane, fører til mykje ekstraarbeid for lærarane. Det er òg ein skilnad på lærebøker som er skrivne på nynorsk, og lærebøker som er omsette frå bokmål til nynorsk. Ikkje alle omsetjingar er like gode. Vi opplever av og til at det i omsetjingar vert brukt «gammaldagse» nynorske ord, som i hovudsak kanskje berre finst i ordlistene, men som ikkje vert nytta naturleg i daglegtale. 

– Korleis kan ein arbeide for å endre dette?

– Ein må halde fram med å synleggjere behova i sektoren og legge vekt på likeverd-prinsippet. Nynorsksenteret og organisasjonar som Noregs Mållag har «tyngde» og er difor svært viktige aktørar i dette arbeidet. Dersom ein skal klare å motivere fleire kommunar til å velje nynorsk i opplæringa for vaksne, må ein ha lærebøker tilpassa læreplanane, slik at dei tilsette slepp å bruke førebuingstid til omsetjing og produksjon av læremiddel. Det er ikkje lærarane sin jobb! Alle som nyttar nynorsk i opplæringa, må etterspørje nynorske lærebøker og læremiddel hos forlaga og i store selskap som til dømes Google. Dersom forlaga ikkje får spørsmål, kan dei tenkje at behovet heller ikkje er så stort. Ein annan viktig faktor er at vaksenopplæringssentera i nynorskkommunar må vere flinke til å ta i bruk nynorsk i opplæringa. Når forlaga gjer ein innsats for å få til forbetring, må også kommunane nytte læreverka som vert laga. Der har nynorskkommunane eit ansvar! Ein kan ikkje forvente at forlaga skal produsere læreverk på nynorsk dersom nynorskkommunane ikkje vel å nytte nynorsk i opplæringa eller å kjøpe nynorske læreverk når dei ligg føre. Til fleire kommunar som nyttar nynorsk, til større er nok også sjansen for å få meir nynorsk materiell til undervisninga, meiner Sonja Jordanger Loen.

Vaksenopplæring til nettside
Illustrasjonsfoto: Nynorsksenteret