Tverrfagleg hefte om mat
18.02.2021
Saman er ein læringsressurs utvikla av fagmiljøa på mange av dei nasjonale sentera, under leiing av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
Heftet byggjer på LK20 og dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Maten og matfellesskapet er eit supert utgangspunkt for å utforske desse temaa.
– Heftet er laga for 3.–4. trinn, men kan gjerne brukast av eldre elevar også, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein, som er ei av dei ved Nynorsksenteret som har vore involvert i arbeidet med denne ressursen.
Heftet blir sendt ut til ein del skular, men om du ikkje har fått det, kan du tinge elevhefte og lærarrettleiing på nynorsk på sida til Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet: https://mhfa.no/sammen