• Blogg
  • Ustoppelege Erna Osland

Ustoppelege Erna Osland

14.03.2024

Erna Osland til nettside

Forfattar Erna Osland elskar dyr og lesing.

Ho har skrive over 50 bøker, og ho gir seg ikkje. – Det beste eg veit, er å gå, skrive og bere stein, seier forfattar Erna Osland (73).

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Lene Løtvedt

Erna Osland er rekna for å vere ein av dei fremste norske forfattarane av barne- og ungdomsbøker. Ho har skrive for alle aldersgrupper, men mest for barn og ungdom. Ho skriv i mange sjangrar, som sakprosa, poesi og eventyr. Ho skriv alltid på ein lettfatteleg måte. 

– Eg lærte å skrive av ein som ikkje kunne lese. Eg var lærar for ein elev som syntest at det var vanskeleg å lese, og eg inngjekk ein kontrakt med han om at me berre skulle skrive ord som han likte. Det gjorde eg saman med han. Etter kvart skreiv eg stadig fleire ord og linjer, og så såg eg at det vart ei forteljing. Eg melde meg på eit skrivekurs hjå Samlaget, og fekk beskjed om at eg burde skrive meir, seier Erna Osland i podkasten Bakom boka. 

Faktabøker i fleire fasettar

Osland har skrive mange faktabøker som tek utgangspunkt i noko som finst hjå fleire artar, som naser (Nasevis) eller søvn (Erna Osland: Sov søtt, herr Spiss / VAKEN? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta). Ho er oppteken av dyr, fuglar og insekt, og har skrive fleire faktabøker om dei, som Under ein stein, Venner med venger og Dyrebare venner. Det mest særmerkte ved forfattarskapen er måten ho skriv fagbøker, der ho gjerne legg inn ei veksling mellom rein fagtekst og ei skjønnlitterær historie. 

Ho tek gjerne opp store problemstillingar i bøkene, som t.d. klimaendringar eller mellommenneskelege forhold. Ofte set ho hovudpersonen i eit moralsk dilemma, og det er ikkje alltid openbert for oss kva som er det rette svaret. 

Osland har også skrive rein skjønnlitteratur. Eit døme er boka GULLFALKEN. Ni nye eventyr. Mange av bøkene hennar er kunstferdige og vakkert illustrerte. 

– Jysla frekt

Erna Osland har fått dei fleste prisar ein forfattar kan få. Ho har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen, Dei nynorske festspela i Ørsta og på barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Ho har bak seg ein lang, produktiv og innhaldsrik forfattarskap, og i ein alder av 73 skriv ho framleis. Dei første åra i arbeidslivet var ho lærar, og det var det som kveikte forfattaren i ho. 

– Hugs på at det ikkje var mange lettlesne bøker på den tida. Eg kjende på at det var for lite til dei lesarane som trong litt lengre tid. Eg brukte å klistre over teksten i biletbøker med nynorsk og litt lettare tekst. Når eg tenker på det no, var det jo jysla frekt gjort av meg, seier Osland i podkasten. 

nynorskbok.no finn du omtalar av fleire av bøkene til Erna Osland.