• Blogg
  • «Visst skal våren kome!»

«Visst skal våren kome!»

25.01.2021

Hovudbilete til nettsak

Dette biletet vart teke i skulehagen i fjor. Her ser vi lærar Cathrine Fremmerlid og elev Fadwa Alomar som dokumenterer arbeidet.

Det er vinter, men deltakarar i vaksenopplæringa ved Volda læringssenter skal så no. Dei gjer seg klare til ein ny sesong med skulehage.
– Ei praktisk tilnærming i språkopplæringa gir positiv måloppnåing, hevdar lærar Gunnar Andenes.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Gunnar Andenes, Volda læringssenter

Kva er inspirasjonen til at de kombinerer skulehage med (ny)norskopplæring?
Eg opplever at det er lettare å motivere og hugse når ein har noko konkret å sjå på, ta på, lukte og smake på, seier Gunnar Andenes.

Kven er med på prosjektet, og kvifor?
– Vi har nytta dette prosjektet for dei som er nybyrjarar eller alfabetiseringselevar, fordi dei ofte har ei utfordring fordi klasseromsundervisning blir for lite konkret og for teoretisk. Samstundes har dei ofte lite øving i å lære i klasserom. Mange har eit forhold til naturen og det å dyrke mat. Eg opplever at det er lettare å lære når ein kan ta utgangspunkt i noko som er kjent og kjært.

Kva læringsutbytte har deltakarane fått av prosjektet?
– Læringsutbytte kan vere vanskeleg å måle, men eg ser at orda ein lærer med ei praktisk tilnærming, festar seg betre. Eg tykkjer også denne arbeidsforma gir meg ei større moglegheit til å arbeide konkret med grammatikk. Eit døme er at preposisjonane over, under, ved sida blir lettare å forstå i ein praktisk samanheng enn i ei teoretisk ramme, til dømes.

Gunnar Andenes til nettside
Gunnar Andenes ved Volda læringssenter. (Foto: Guro Kristin Gjøsdal)
118614774 3343136555743662 7069909693071942148 n

Kva råd vil de gi til andre lærarar som vil nytte skulehage i arbeid med språkopplæring, fleirkulturelt arbeid og integrering? Korleis har de organisert arbeidet?
– Rådet er å prøve å nytte slike konkrete prosjekt aktivt i undervisninga. Men det kan vere ei utfordring om ein tvingar alle inn i ei slik praktisk tilnærming. Vi erfarer at det er ein fordel for motivasjonen om dette er eit tilbod for dei som ønsker å vere med, og gjerne har eit forhold til jord og dyrking. Vi har også arbeidd med å lage ordbøker i appen Book Creator. Der har elevane tatt bilde, skrive ord og lese dei inn.

Kva tilbakemeldingar får de frå deltakarane om prosjektet?
– Elevane har stort sett positive ting å seie om prosjektet. Sjølvsagt er det nokon som har kjent på at praktisk arbeid ikkje er for alle. Stort sett har alle bidrege, og det har vore god stemning. Vi passar stort sett på å legge utearbeidet til dagar der veret er bra.

Viser prosjektet att i nærmiljøet?
– Ja, absolutt! Prestholmen ved Elvadalen i Volda har fått eit stort løft, og deltakarane har gjort ein innsats som verkeleg viser att både når det gjeld skulehagen og under lysfesten Øyralangs i november. Prosjektet er med andre ord positivt for alle i nærmiljøet.

118474276 657627971773230 8745122238237405764 n

Gunnar Andenes og dei andre tilsette ved Volda læringssenter er inspirerte av Vygotskij og den proksimale utviklingssone, som er grunnlaget for det sosiokulturelle læringssynet. Hjå Vygotskij har all intellektuell utvikling og all tenking utgangspunkt i sosial aktivitet. Mange av deltakarane ved senteret har eit forhold til jordbruk og dyrking frå heimlandet. Dette interesserer dei, og dei lærer ord knytte til konkrete ting som dei kjenner att frå eige liv. Lærarane ønsker å ta utgangspunkt i det som er kjent og kjært for deltakarane.

– Prosjektet handlar om at vi treng eit alternativ til den tradisjonelle akademiske tilnærminga for dei som har lite eller ingen skulebakgrunn. Sjølv norskopplæringa er veldig lite praktisk lagt opp, og klasseromsundervising dominerer. For mange vert dette krevjande. Det er difor eit stort behov for å jobbe med alternative opplegg der elevane kan få ta utgangspunkt i det dei har av kunnskap, for å støtte opp under norskinnlæringa, seier Gunnar Andenes.

Solsikke til nettside