Pronomen på nynorsk

Ordet pronomen tyder «i staden for namnet». Pronomen er ord som kan stå i staden for substantiv, og det finst fleire typar pronomen: personlege pronomen (eg, han, dykk osb.), ubunde pronomen (ein), spørjepronomen (kven, kva), refleksivt pronomen (seg) og resiproke pronomen (einannan, kvarandre). På denne sida kan du lesa meir om pronomen på nynorsk. 

Teikningar: Kristoffer S. Mathisen (frå Nynorsk på 1-2-3)

Personleg pronomen

På norsk skil me mellom subjektsform og objektsform av personlege pronomen: «Eg undrar meg», «du undrar deg», «de undrar dykk». Om du er uviss på om det skal stå de eller dykk, kan du tenkja på kva som ville stått i eintal. Dersom det hadde stått du i eintal, vert det de i fleirtal. Dersom det hadde stått deg i eintal, vert det dykk i fleirtal. Dersom du vel forma dokker, er subjekts- og objektsformene like («dokker undrar dokker»). 

123 de dykk

1. person

Subjekt

Objekt

Eintal

eg

meg

Fleirtal

vi/me

oss

2. person

 

 

Eintal

du

deg

Fleirtal

de/dokker

dykk/dokker

3. person

 

 

Eintal

han

han

ho

ho/henne

hen

hen

det

det

Fleirtal

dei

dei

Merk at i tredje person er det slik at dersom objektet og subjektet i setninga er den same, nyttar me refleksivt pronomen (seg) i staden for objektsform. Me skil difor mellom «Ho skada seg» (ho fekk ein skade) og «Ho skada henne» (ho gjorde at ei anna fekk ein skade). 

Pronomen og kjønn

På bokmål nyttar dei ofte den som personleg pronomen. («Jeg leste boka. Den var tynn.») På nynorsk nyttar me i staden ho/henne til å visa til hokjønnsord og han til å visa til hankjønnsord, på same vis som at me nyttar det til å visa til inkjekjønnsord: 

  • Eg las boka. Ho var tynn. 
  • Eg finn ikkje teikneserien. Har du sett han
  • Eg kjøpte bladet og las det

Dersom du skal referera til menneske, kan det ofte vera naturleg å nytta kjønnet til personen i staden for det grammatiske kjønnet til substantivet. («Eg møtte den nye elevrådsleiaren. Ho heiter Amira.») Dersom du ikkje veit kjønnet, eller ikkje viser til eitt spesifikt menneske, kan du då nytta hen. («Læraren som får jobben, må hugsa at hen er her for å gjera elevane klokare.») 

Ubundne pronomen

På bokmål er det mange som nyttar det ubundne pronomenet «man», til dømes i setningar som «man skal ikke plage andre» eller «er det underlig man lengter bort iblant». «Man» er ikkje lov på nynorsk. På nynorsk er det ein som fungerer som ubunde pronomen. («Ein skal ikkje plaga andre.») Ofte vert det likevel betre språk dersom du byter ut det ubundne pronomenet med eit personleg pronomen («du skal ikkje plaga andre») eller eit anna ord som seier kven det er snakk om («er det underleg folk lengtar bort iblant»).