Adjektiv på nynorsk
Adjektiv er ord som seier noko om eit substantiv: «Mannen er høg.» «Eit lågt hus.» Høg og låg er døme på adjektiv. Adjektiva skal ha samsvarsbøying, det vil seia at dei blir bøygde ut frå kva substantiv dei står til. På denne sida kan du lesa meir om adjektiv på nynorsk.
Teikningar: Kristoffer S. Mathisen (frå Nynorsk på 1-2-3)

Gradbøying
Adjektiva kan gradbøyast. Dei fleste får -are i komparativ og -ast i superlativ.
Positiv | Komparativ | Superlativ |
grøn | grønare | grønast |
snill | snillare | snillast |
Nokre adjektiv, til dømes dei som endar på -ete, -a og -isk, vert gradbøygde ved hjelp av meir og mest.
Positiv | Komparativ | Superlativ |
nøgd | meir nøgd | mest nøgd |
dyrisk | meir dyrisk | mest dyrisk |
-
Unntak: Adjektiv med uregelrett gradbøying
Ein del adjektiv har uregelrett gradbøying. Her er nokre vanlege døme:
Positiv Komparativ Superlativ få færre færrast god betre best høg høgre/høgare høgst/høgast lang lengre lengst mange fleire flest mykje meir mest ung yngre yngst
Samsvarsbøying
Dei fleste adjektiv får -t i inkjekjønn og -e i ubunden form og fleirtal:
Hankjønn | ein høg mann | ein grøn fisk | mannen er flau |
Hokjønn | ei høg dame | ei grøn hytte | dama er flau |
Inkjekjønn | eit høgt hus | eit grønt hus | det er flautt |
Bunden form | det høge huset | den grøne fisken | det flaue smilet |
Fleirtal | to høge hus | mange grøne fiskar | mange flaue elevar |
Adjektiv som sluttar på diftong eller vokal, som flau, grei eller grå, får to t-ar i inkjekjønn (flautt, greitt, grått).
-
Unntak: Liten
Adjektivet liten har ei litt spesiell bøying. For det fyrste har det ei eiga hokjønnsform: lita. I tillegg er formene i inkjekjønn, bunden form og fleirtal uvanlege, og i motsetnad til slik det er med andre adjektiv, skil me her mellom ubunden og bunden form i fleirtal òg (vesle kan nyttast i bunden form fleirtal, men ikkje i ubunden form fleirtal).
Hankjønn ein liten gut Hokjønn ei lita jente Inkjekjønn eit lite hus Bunden form det litle/vesle huset Fleirtal ubunden form mange små/småe hus Fleirtal bunden form dei små/småe/vesle husa
-
Unntak: Adjektiv som sluttar på -en, -er eller -el
«Gale» er ei inkjekjønnsform av «galen». «Galt» er eit anna ord for hanngris.
Adjektiv som sluttar på -en, -er eller -el, får samandraging både i fleirtal og bunden form (det heiter «to opne dører», ikkje «to opene dører»). Reine adjektiv på -en har dessutan valfri form i inkjekjønn, du kan velja mellom -e («svaret er gale») og -ent («svaret er galent»). Adjektiv som er laga av partisippforma av sterke verb (sjå avsnittet «Partisipp som fungerer som adjektiv» lenger nede), har berre varianten med -e i inkjekjønn («brevet er lese»).
Hankjønn mannen er galen mannen er diger butikken er open Hokjønn utrekninga er galen døra er diger døra er open Inkjekjønn svaret er gale/galent museet er digert kjøpesenteret er ope/opent Bunden form det galne svaret det digre museet det opne kjøpesenteret Fleirtal nokre galne svar to digre dører mange opne butikkar
-
Unntak: Adjektiv som endar på -ete, -a eller -ande
Adjektiv som endar på -ete, -a eller -ande, som rotete, lyshåra eller brennande, kan ikkje bøyast.
Han/ho/det/dei er lyshåra. Den lyshåra hunden.
Han/ho/det/dei er rotete. Det rotete rommet.
-
Unntak: Nasjonalitetsord og adjektiv som endar på -leg, -ug, -sk eller -ig
Nasjonalitetsord (norsk, ukrainsk, pakistansk) og adjektiv som sluttar på -leg, -ig eller -ug, får ikkje -t i inkjekjønn. Det same gjeld fleirstavingsord som sluttar på -sk. Det heiter difor ikkje «eit norskt ord», men derimot «eit norsk ord».
Han/ho/det er norsk. Dei er norske. Den norske ordboka.
Han/ho/det er grådig. Dei er grådige. Den grådige sjefen.
Han/ho/det er ansvarleg. Dei er ansvarlege. Den ansvarlege sjefen.
Partisipp som fungerer som adjektiv
Partisipp-forma av verb kan nyttast som adjektiv. Til dømes kan forma «har lese» nyttast som adjektiv slik:
Hankjønn | ein lesen tekst |
Hokjønn | ei lesen bok |
Inkjekjønn | eit lese brev |
Bunden form | det lesne brevet |
Fleirtal | to lesne tekstar |
Les meir om partisipp-form og samsvarsbøying i teksten «Samsvarsbøyinga er eit logisk system».
Adjektiv versus adverb
Ofte kan ein nytta det same ordet både som adjektiv og adverb. I setninga «huset er høgt» seier høgt noko om substantivet (huset), og dermed er det eit adjektiv. Men i setninga «mannen syng høgt» seier høgt noko om korleis synginga er, altso noko om verbet, og dermed er det eit adverb.
Når ordet står som adverb, får det ikkje samsvarsbøying. Det er difor skilnad mellom «husa står høgt» og «husa står høge». I den fyrste er høgt ei presisering av verbet, og dermed eit adverb utan samsvarsbøying. I den andre er høge ei skildring av husa («husa står og er høge»), og dermed eit adjektiv med samsvarsbøying. Det heiter fylgjeleg «husa står høgt oppe i bakken», men «husa står høge og ruvande nede ved sjøkanten».