Bok på 1-2-3: På fire bein: Den vegen
Tverrfagleg undervisningsopplegg for 5.–7. trinn i norsk og kunst og handverk. Tema er helse og livsmeistring.
Tid: 90 minutt
Den vegen er fjerde del av den vakre teikneserien På fire bein av Berenika Kołomycka, omsett av Knut Inge Andersen. Reven, Villsvinet og Selen fortel kvar si historie om det å ha følgt kjenslene sine og ha valt sin eigen veg.
Det er Selen si historie vi skal gå i djupna på i dette undervisningsopplegget. Selen si historie er møtet med ein langust (eit krepsdyr) som er redd for å kaste skalet sitt i frykt for å bli eten utan dette vernet rundt seg. Men kva når ein veks og utviklar seg, og skalet vert for trongt? Selen gir langusten mot til å avgjere sjølv kva han vil gjere og ikkje gjere, kva han kjenner og tenkjer. Og på å ta sjansen på livet.
Utdraget
Presentasjonar med bilete
Her er nokre presentasjonar med bilete som kan nyttast som konkretiseringar på ulike stader i opplegget.
- Dyr (PowerPoint-fil med bilete av selar og ein langust)
- Vern og flukt (PowerPoint-fil med bilete av ulike former for vern og flukt)