Bok på 1-2-3: Tigeren har fødselsdag

Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk, kunst og handverk og musikk. Temaet er vennskap. 

Tid: 90 minutt 

Klassikarar i Bok på 1-2-3: Barnebokskaparen Janosch har gitt oss fantastiske, varme forteljingar med sjarmerande og fargeglade bilete. Desse forteljingane vil vi gjerne gi vidare til nye generasjonar i begynnaropplæringa. Mange barn som høyrer om dei to gode vennene i huset ved elva, vil berre høyre meir og meir. 

Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er to gode venner som opplever mange eventyr. Og dei er ikkje redde for nokon ting, for saman er dei så sterke. Mange andre venner har dei også, og eit koseleg lite hus ved elva. 

Den vesle tigeren seier: «Eg har no fødselsdag ein av dagane, bjørn.» Altså må dei halde stort selskap. Og alle må kome.  

Boka

Les boka på Nasjonalbiblioteket: Tigeren har fødselsdag

Ekstraressursar