Bokstavsommaren

Bokstavsommaren Framside
Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik.

Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han.
Det blir Zara, veslesøstera hans.
Ho er for lita til å snorkle, 
men stor nok til å halde auge med broren.
Som lønn skal ho få ein skatt kvar dag.
Skatten skal komme frå havet
og begynne på ein ny bokstav kvar gong.

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik. 

Bokstavsommaren innbyr til samtalar om det du finn i fjøra, og til leik med bokstavar, lydar og ord. Du kan ta med boka ut på tur, henge illustrasjonane i barnehøgd inne eller ute.

Bok Paa 123 Kvadratisk
Bok på 1-2-3: Bokstavsommaren

Tverrfagleg uteopplegg på 90 minutt for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk, laga med utgangspunkt i Bokstavsommaren.

Innlesne sider frå boka