Heavykatten
Heilt sidan år 2000, då forfattar Roald Kaldestad skreiv den fyrste barneboka om Heavykatten og venene hans, har Heavykatten laga tunge riff og tøff musikk. No har han vore i studio og spelt inn signaturlåten sin, «Heavy natta lang».
Video
Her er ein video med songteksten. Musikken i videoen er ei nedredigert utgåve av songen, utan den tøffe gitarsoloen, og er fin om du skal øva inn tekst og melodi.
Teksten
Klokka er tolv,
og eg har kje ro i halen.
No skal eg spela heavy,
så det ljomar nedi dalen.
/ Heavyrock er livet,
ja, eg seier det igjen:
Om du synest det er for høgt
så er du ikkje min venn. /
For det er heavy, heavy, natta lang.
Heavy, heavy, natta lang.
Eg er heavykatten.
Eg er ikkje redd for vatn.
Eg er tøff, rå, best på scenen,
med god lyd i gitaren.
/ Heavyrock er livet,
ja, eg seier det igjen:
Om du synest det er for høgt
så er du ikkje min venn. /
For det er heavy, heavy, natta lang.
Heavy, heavy, natta lang.
Musikarar på innspelinga
- Stig Lundblad-Sandbakk: vokal og gitar
- Roald Kaldestad: sologitar og kor
- Roy Ole Førland: bass
- Iver Sandøy: trommer og kor
Bøkene
Det har kome fire bøker om Heavykatten. Alle er å få kjøpt som lydbøker. Den fyrste boka er dessutan tilgjengeleg på sida til Nasjonalbiblioteket: