• Blogg
  • Å, jul med di glede og leselyst …

Å, jul med di glede og leselyst …

18.12.2017

Jolehefte 825x510

Vi på Nynorsksenteret ynskjer å lyfte fram dei nynorske julehefta og byr med dette på ein liten presentasjon av eit utval julehefte for store og små.

Tekst: Ida Karin Aarflot Kornberg

Vi er no komne langt inn i adventstida, og julaftan er like rundt hjørnet. Kanskje har du allereie fått på plass julepynten og julelysa, kanskje til og med juletreet. Adventstida er kosetid med stor K, og for mange er det ei tradisjonsrik tid på året. Julepynt og kaker har stått i butikkhyllene sidan oktober, og no er julehefta òg på plass. Det bognar over med tilbod av varer som lovar å sikre den rette stemninga, men lite er vel meir stemningsvekkjande avslappande enn mørke kveldar i sofakroken med eit julehefte i hendene.

Her er det mykje å velje mellom, og noko for kvar ein smak og alder. Senk skuldrene, ta deg ein velfortent pause og la julestemninga søkke inn.

Smørbukk

Smørbukk er ein teikneserie som går i kvart nummer av Norsk Barneblad. I 1941 kom det første Smørbukk-heftet til jul, og sidan har det blitt ein kjærkomen juletradisjon for mange.
Forteljingane krinsar rundt Smørbukk, ein glad og blid gut med artige påfunn.

Tuss og Troll

Tuss og Troll er ein teikneserie basert på hovudsakleg norske eventyr, men òg med innslag av nyskrivne eventyr og eventyr frå resten av verda. Serien vart trykt for første gong i Norske barneblad i 1944 og har blitt gitt ut som julehefte sidan 1945. Tuss og Troll er gjerne sett på som ein av klassikarane innan juleheftetradisjonen.

Ingeniør Knut Berg

Ingeniør Knut Berg på eventyr vert rekna som ein av dei klassiske norske teikneseriane og var ein av dei første norske sciencefictionteikneseriane. Serien var relativt utradisjonell i si tid, med ein meir actionbasert seriehelt og forteljingar der handlingane er lagde til framande land. Juleheftet i år er eit opptrykk av heftet frå 1947.

Hårek

Denne teikneserien handlar om vikingen Hårek og er opphaveleg ein amerikansk teikneserie omsett til nynorsk av Gard Espeland. Hårek er gift med Gyda og har barna Møyfrid og Frode. Hårek og mannskapet reiser ofte på plyndretokt til England. Teikneserien er full av humor og underhaldande situasjonar.

Vangsgutane

Vangsgutane er ein klassisk norsk teikneserie av Leif Halse. Vangsgutane vart først gjeven ut som serie i Nynorsk Vekeblad frå 1940, og i 1941 kom det for første gong ut som julehefte. Serien handlar om brørne Steinar og Kåre Vangen som bur på eit småbruk i Todalen på Nordmøre. Gutane er arbeidssame og gjer alltid det som er rett. Forteljingane skildrar Bygde-Noreg og byr på mange underhaldande karakterar.

Juletre

Norsk barneblad er eit av dei eldste barneblada i verda og vart grunnlagt i 1887 av Kristen Stalleland. Skipinga stamma frå eit ynske om å gi barn eit blad på nynorsk med tekstar og fagartiklar av høg kvalitet som tok målgruppa meir på alvor, og som samstundes sørgde for god underhaldning. I desember kjem Norsk barneblad ut som juleheftet Juletre. I år kan du mellom anna lese om Katinka og korleis henna familie feira jul i 1907. Du finn oppskrift på kakemenn, teikneseriar og stemningsfulle forteljingar.

Dunce

Dunce er skriven av Jens K. Styve, forfattar og illustratør. Teikneserien er halvdokumentarisk og presenterer ei blanding av fakta og fiksjon gjennom kvardagsobservasjonar. Dunce er ikkje eit reint julehefte, men det aktuelle albumet Førstebossen inneheld ei juleforteljing.

Juleroser

Juleroser er namnet på eit litterært julehefte som opphavleg vart gitt ut mellom 1881 og 1944. Herborg Kråkevik las desse gamle julehefta i barndommen og bestemte seg for å fortsette tradisjonen. I 2015 blei første Juleroser i vår tid utgitt, med Kråkevik som redaktør. Juleheftet har bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane, med stemningsfulle forteljingar og rike illustrasjonar. Juleroser 2017 har bidrag frå Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Geir Gulliksen, Kari Bremnes, Synnøve Macody Lund, Alf Prøysen, Håkon Bleken og mange andre.

Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Oddgeir Bruaset er for mange godt kjent frå NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det har òg blitt gitt ut fleire bøker baserte på TV-serien, og no til jul kan vi lese korleis jula artar seg på avsidesliggjande stader. Juleheftet inneheld reportasjar, portrettintervju og illustrerte tekstar.

Lokale julehefte

Ein kan finne mange lokale julehefte i Noreg. Sjekk den lokale bokhandlaren eller butikken der du bur. Dei lokale julehefta presenterer gjerne lesaren for eit kulturhistorisk perspektiv, innblikk i tradisjon og stadsnære forteljingar, samt litterære tekstar.

Jul i Trøndelag
Jol i Telemark
Jol i Seljord
Jol i Sogn
Jul i Sunnfjord
Jol i Setesdal
Jul i Nordfjord
Jol i Åmli
Jul på Sunnmøre