• Blogg
  • Å teikne og skrive med fingrane – enda ei gåte i debatten om nettbrett i skulen

Å teikne og skrive med fingrane – enda ei gåte i debatten om nettbrett i skulen

02.10.2023

Dordi Strøm til nettside

Foto: Marie Sjøvold

Det finst fleire store gåter i debatten om nettbrett i skulen. Ei av dei største gåtene, slik eg ser det, er at elevar blir sette til å teikne og skrive på nettbrett med fingrane.

Tekst: Dordi Strøm

Det siste året har eg turnert innanfor satsinga Meir nynorsk i DKS med «Tenk som ein kostymedesignar!», eit kunstnarmøte og ein verkstad for 4.–8. trinn. Snart har 3000 elevar i Vestland og Viken fått lære om kva kostymedesign og scenografi gjer, og dei har fått teikne eigne kostymeskisser. Ved dei fleste skulane eg kjem til, brukar elevane nettbrett, både til lesing og til anna arbeid. Men eg ser òg teikningar og måleri på veggane, skrivebøker og stablar med papirbøker i klasserom og i hyllene på skulebiblioteka. Mitt inntrykk er at i dei kommunane eg har besøkt, blir det brukt ein kombinasjon av analoge og digitale teknikkar og læremiddel i skulane. Det er eg glad for.

Sjølv føretrekker eg papirboka når eg les, og eg skriv og teiknar med papir og blyant. Men eg brukar òg nettbrett som ein viktig del av kunst- og designpraksisen min. Eg er altså ikkje motstandar av nettbrett i skulen. Tvert imot. Likevel har eg fleire grunnar til å be elevane legge vekk nettbretta til fordel for blyant og papir når dei skal teikne i kostyme-verkstaden min: Den første grunnen er at nettbretta er altfor små til å teikne på. Gjennomgåande har nettbretta ein skjerm på ca. 15 x 20 cm, altså er dei på storleik med eit halvt A4-ark. Ein annan grunn er at eg vil at elevane skal øve seg i å stole på eigne idear og eiga tankekraft, utan å teikne blåkopiar av kjende figurar som dei finn på nett eller har lagra på nettbretta sine. Den viktigaste grunnen til at eg vel bort nettbrett, er likevel at elevane ikkje har digitale blyantar som dei kan bruke til å teikne og skrive med, på nettbretta sine. Når eg teiknar kostyme på det store (A4) nettbrettet mitt, har eg ein god digital blyant å teikne med. Det er det ingen elevar eg har møtt, som har.

Når elevar i skulen skal bruke nettbrett til skriving, brukar dei tastatur eller peikefingeren. Om dei skal bruke nettbrett til teikning eller måling, brukar dei òg fingrane. Å teikne med fingrane på ein glatt glasskjerm, ofte i eit under middels godt teikneprogram, har lite eller ingenting med teikning å gjere. Slik eg ser det, representerer denne verksemda tvert imot ei total avsporing av prosessen med å lære å uttrykke seg ved bruk av praktiske verktøy. Om den auka bruken av nettbrett i tillegg stel tid frå øving i teikning og skriving med blyant på papir, er eg redd konsekvensen er ukunne blant barn og unge, med forfall i grunnleggande praktisk kunnskap, som tidlegare var sjølvsagt og allmenn.

Både teikning og skriving er grunnleggande, men òg komplekse øvingar som det tar mange år for eit barn å utvikle. Å beherske desse praktisk-estetiske øvingane krev mogning hjå eleven, god rettleiing frå faglærarar med kompetanse i teikning og skriving, og systematisk arbeid med å integrere både kognitive, motoriske og perseptuelle ferdigheiter hjå elevane. Alt dette har øvingane teikning og skriving til felles. I tillegg kjem ei mengd særeigne og spesialiserte sider og kunnskapar knytte til kvar av dei to uttrykksmåtane.

Blyantar RIP illustrasjon
Illustrasjonsfoto: Dordi Strøm

Teikning (og skriving) utan blyant på nettbrett kan ein kanskje, om ein legg godviljen til, samanlikne med fingermåling. Då får Gudmund Hernes rett i si kjende utsegn om skulefaget forming, som vart heitande kunst og handverk etter 1997 (L97): «vi startar med fingermåling og vi sluttar med fingermåling». Og Hernes si utsegn får då òg ei heilt ny tyding:

Fingrar på glatt skjerm manglar den taktile opplevinga av material mot huda, og som ein får når ein arbeider med fysisk fingermåling. Digital fingermåling manglar kjensla av papiret under fingertuppane, temperaturen i målinga mot handa, spora av handa på arket, fargane som blandar seg, målinga som tørkar på fingrane, eller vatnet frå springen mot huda når ein må vaske hendene etterpå. Elevane får heller ikkje oppleve å henge opp det våte arbeidet sitt på veggen i klasserommet, sjå det tørke på veggen i lag med arbeida til dei andre i klassen. I morgonsol, ettermiddagssol eller kveldslys.

I norske kommunar er det innført digitale læremiddel og verktøy i skulen, også for dei aller minste. Men kommuneøkonomien er som kjent trong, og det skal sparast, også her. Derfor får elevane altfor små nettbrett, dei har ikkje faglærar med teiknekompetanse som underviser i kunst og handverk, og elevane må teikne og skrive med fingrane.

Ekspertar frå alle hald uttalar seg om skjerm- og nettbrett i skulen, men av det eg har fått med meg, har få eller ingen kommentert kvaliteten på det digitale utstyret som blir kjøpt inn. Slik eg ser det, frå eit kunstnar- og foreldreperspektiv, er mangelen på digitalt teikne- og skriveverktøy i skulen ein blind flekk, og blant dei største gåtene i den stadig tilbakevendande debatten om bruken av nettbrett i skulen.