• Blogg
  • «Åhhh, hva heter tysdag på bokmål, nå igjen?»

«Åhhh, hva heter tysdag på bokmål, nå igjen?»

10.08.2020

Heidi Sande Fredag 12 Juni

Etter tre år med underteikna som lærar, var dette eit morosamt spørsmål å få frå ein av «gutane mine» i 10a. «Heidi, seriøst, jeg husker ikke hva tysdag er på bokmål!» Tysdag hadde spikra seg fast etter at ordet hadde blitt repetert svært mange gonger, fordi det hadde stått på vekeplanen i alle desse åra.

Tekst: Heidi Sande

Vi måtte sjølvsagt le litt, både eleven og eg, etter dette utbrotet, men det romma mykje av tanken min bak bruk av nynorsk i ein sentrumsskule i Oslo, der det stort sett er berre eg som er nynorskbrukar.

Eg innførte på ståande fot uttrykket «sniknynorskifisering!» Det er målet mitt at alle elevar i osloskulen skal elske nynorsk! (For den som ikkje forstår ironi, burde eg kanskje lage eit smilefjes her?)

For å starte med byrjinga.

Då eg for mange hundre år sidan byrja som lærar i osloskulen, hadde eg ein pedagogisk magikar som rektor, nemleg Elin Bonde. Vi delte rettebunkar etter tentamenar – tenk deg ein rektor som er så engasjert – og hadde mange gode fagpratar om norskfaget. Ho tilrådde meg utan å blunke, «Heidi, har du nynorsk som hovudmål, må du bruke det så ofte og mye du klarer. Dette er en styrke for elevene som skal ha nynorsk som sidemål.» Sidan Elin Bonde er både klok og vis, har eg halde meg til dette rådet og sjølv erfart at dette er positivt. 

Poenget med min undervisningsfilosofi i sidemålsopplæringa, er å bruke nynorsk så ofte og mykje at det faktisk blir ein del av skriftspråket elevane møter i fleire fag, og ikkje minst på ein naturleg og integrert måte.

Eg brukar nynorsk så ofte som råd. Eg er eit nynorsk «sanningsvitne»! «Det finst menneske i Noreg som brukar nynorsk på ekte», brukar eg å fortelje elevane, «og eg er eitt av desse!» 

Mine elevar møter nynorsk både i tekster dei les, PowerPoint presentasjonar eg har laga, oppgåver, tilbakemeldingar, mailar/e-postar, merkelappar på kunst og handverk osv. og gjerne i fleire fag.

I åttande klasse og i timar der dei møter mange nye nynorske ord, forklarer eg orda og skriv gjerne bokmålsvarianten ved sida av nynorskordet på tavla, særleg om eg har framandspråklege elevar i klassa eller elevar som har dysleksi. Desse får i tillegg oppgåver og e-postar på bokmål om dei vil, sjølvsagt .

På åttande trinn, har eg fleire gongar brukt mykje tid på språkhistoria. Denne vinteren har 8. trinn laga teikneseriar, der dei har illustrert ulike språkhistoriske høgdepunkt. Seinast i dag fortalde ein av «gutane mine», at han hadde lært mykje både om sitt eige tema, men og fått ei fin oversikt over hele språkhistoria gjennom å arbeide med noko som og er gøy. Ved å gje eit djupdykk i historia bak nynorsken tidleg på u-trinnet har eg erfart at dei aller fleste får ein større aksept og respekt for kvifor dei har nynorsk som sidemål, her midt i Oslogryta. «Jasså, så vi kan takke sortedøden for at vi har to eksamener?»

Teikneserie2 Komprimert
Elevane kan til dømes lage teikneseriar på nynorsk.

Ved å bruke nynorsken ofte og naturleg, sklir ord, rettskriving, god språkkjensle og uttrykk lettare inn. 

I fjor haust las heile åttande trinn Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland saman. Denne lettlesne og engasjerande romanen, på nynorsk, var første møte med nynorsk i ungdomsskulen. Undervegs i felleslesinga skulle dei notere spesielle ord og uttrykk, som enda opp i ei personleg, høgfrekvent ordliste. Denne skal dei bygge vidare på dei neste to åra. Vi las boka saman, snakka om innhaldet, skreiv ned nynorske ord og kommenterte kva ulike ordklasser orda tilhøyrde. Vi merka oss mønster som at t.d. bruken av a og diftongar var mykje større enn i bokmål. Det var gøy å sjå at fleire av realistane oppdaga desse mønstera fort. Undervegs i lesinga høyrde eg «jeg har helt glemt at denne boken er på nynorsk, jo!»

Det er imponerande og kjekt å sjå at nokre elevar sjølv vel nynorsk som skriftspråk, sjølv om oppgåvene ikkje krev det. Spør dei kva mål dei skal skrive på, seier eg ofte «det kan du velje sjølv.» Fleire vel då nynorsk for å glede meg, eller dei forstår at dette er nyttig. Å skulle skrive nynorsk i t.d. snakkeboblene i ein animasjonsfilm er ikkje store jobben, men nyttig likevel. Dei får halde nynorsk skriving ved like. Fleire elevar prøver seg og på å skrive av notat i timane på nynorsk. Dette er også eit studietips for betre nynorsk.

Dei verkeleg dedikerte har endatil skrive presentasjonane sine på munnleg eksamen på nynorsk, utan å blunke og utan å gjere eit poeng ut av det, men som ei sjølvfølge. «Nynorsk er jo ein stor del av faget, da!»

Er det berre roseraudt å undervise i sidemål, der sidemålet er nynorsk? Nei, men eg må seie det går forbausande greitt. Få klagar og dei fleste gjer så godt dei kan. Eg har opplevd at dei mest ivrige elevane har blitt endå flinkare i bokmål etter at dei har knekt dei nynorske utfordringane. Dei skriv betre fordi språket er lettare, har færre tunge formuleringar og dei leiter lenger etter orda dei vil bruke. Her ser eg ein overføringsverdi frå nynorskskrivinga. 

Heldigvis har eg aldri møtt elevar eller foreldre som er ugreie eller negative til den aktive nynorskbruken min. Tvert om har fleire blitt glade fordi nynorsken blir brukt naturleg, og dei forstår nytteverdien av valet på denne måten, men eg har hatt unge kollegaer som har nær blitt trakassert av foreldre då dei t.d. har skrive på nynorsk på «ukeplanen». Dette er sjølvsagt synd, for all språkforsking viser at skal du bli god i eit språk, må du sjå, høyre og bruke språket ofte. Kvifor reiser mange unge på språkreiser eller utveksling på vidaregåande skule, skal tru? (Her burde eg kanskje også klistre inn eit blinkesmilefjes?)

Nemnde eg at frå stoveglaset der eg vaks opp, kunne eg nesten sjå Aasengarden? Det plar elevane mine å hugse etter tre år saman med meg. Ivar Aasen vaks opp i Ørsta, eller nærare sagt Hovdebygda. Sjølv om eg underviser i norsk midt i Oslo, har eg tatt med meg hjarte for nynorsken, og det bankar sterkt for faget og språket. 

Tysdag heiter forresten tirsdag på bokmål, Espen!