• Blogg
  • Bakom boka: Bjørn Sortland

Bakom boka: Bjørn Sortland

03.03.2017

Sortland og Stoylen 825x510

Kvifor er forfattar Bjørn Sortland så fascinert av jenter? Det snakkar han om i denne samtalen med Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret.

Bjørn Sortland (48) frå Bømlo har gjeve ut meir enn 40 bøker sidan debuten i 1992.

Fleire av dei er omsette til ei rekkje språk. Han har skrive bøker både på nynorsk og bokmål, han vekslar mellom ulike sjangrar og han vekslar mellom å skrive for born, ungdomar og vaksne.

I podkasten fortel han kvifor han er så oppteken av kunst, kvifor tru er eit tema som stadig dukkar opp og han fortel kvifor han gjerne føretrekkjer å ha jenter som hovudpersonar.

Du kan høyre intervjuet med Bjørn Sortland på www.nynorskbok.no/bakom-boka/. Der finn du òg eit intervju med Maria Parr, gjort av Heidi Fagna ved Nynorsksenteret. Dette er dei to første episodane i Nynorsksenteret sin podkastserie Bakom boka.