• Blogg
  • Barnas ven i tonar, tekst og teikning

Barnas ven i tonar, tekst og teikning

20.11.2023

Vegard Markhus utsnitt til nettside

Spelemann, lærar, forfattar, illustratør og DKS-underhaldar Vegard Markhus.

Han syng og spelar gitar, teiknar og skriv, reiser rundt og underheld barn, og innimellom er han også innom lærarjobben sin. Vegard Markhus er forfattar og illustratør, med ein tydeleg strek og ein særprega absurd humor.

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

– Gyli gyli gong gong. Åå, gibi gibi ollibolli ging gang gett, syng romvesenet Ollibolli i ein animasjonsfilm på YouTube. Songen vart publisert i 2019 på kontoen til musikk-duoen Naboen min. Den eine halvdelen av duoen er Vegard Markhus, den andre er hans gamle ven og nabo Bjørnar Sangolt. Dei har gitt ut to plater saman, og for den eine har dei fått Spellemannspris. Fire år etter at songen om Ollibolli kom ut, fekk romvesenet si eiga bok: Alien i klassen – Mitt liv på feil planet.

– Eg fann på Ollibolli då eg laga den songen. Sidan har eg spelt han mykje for barn, og eg merkar at det er eit univers som det er artig å leike seg i. Slik fekk eg idéen om å lage denne boka, seier Vegard Markhus i Nynorsksenterets podkast Bakom boka.

Alien i klassen til nettside

Å vere eit romvesen i klassen

I Alien i klassen – Mitt liv på feil planet møter vi mennesket Ulrik F. Oma, med initialane U.F.O. Han vert plaga av medelevane og ikkje forstått av den ganske fjerne læraren sin. Ein dag ser han det han trur er ein UFO, og dagen etter kjem ein ny og interessant elev i klassen.

For første gong serverer Markhus barna ein heil roman, på 183 gjennomillustrerte sider. Bakpå boka får me vite at «ALIEN I KLASSEN er ei bok om å aldri gje opp uansett kor feige laga er!». Fram til den nye eleven kjem, er Ulrik heilt åleine i klassen, og dei andre elevane er stygge med han. Markhus hadde ingen klar plan om å skrive ei bok om mobbing.

– Det voks litt fram i prosessen. Utgangspunktet var at han kjende seg som ein alien i klassen, og at han ikkje kjende han han passa inn. Han var rett og slett heilt åleine, både i klassen og på jorda, seier Markhus.

Både i omfang, stil og tematikk, skil denne boka seg frå bøkene Markhus har gitt ut før. Det er mykje humor her også, men det ligg eit tydeleg alvor under.

Redd

Skuleprosjekt vart debutbok

«Forfattaren sitt særpreg ligg i samspelet mellom tekst og illustrasjonar», skriv Store norske leksikon. Markhus har heile vegen vore både illustratør og forfattar, og han har ein særprega strek.

Markhus debuterte med biletboka Redd i 2008. Me møter eit barn som er redd for det meste: monster under senga, den vesle sinte mannen i kjøkkenskapet og hunden han møter utanfor huset. Foreldra avfeier frykta hans med at det ikkje er noko å vere redd for.

Formspråket er ein god kollasj av strekfigurar, ekte bilete og duse måleri. Boka var i utgangspunktet eit prosjekt Markhus gjorde i lærarutdanninga, og stilen skil seg klart frå det han har laga sidan. Her er temaet frykt, og det er presentert med alvor.

Heilsprø biletbøker

Dei neste tre Markhus-bøkene har mange likskapar: Alle er biletbøker i stort format. Streken er enkel og naivistisk, og teksten er handteikna. Og her slår Markhus ut i fullt karneval. Det er kroppsdelar på absurde stader, og fysiske lover er for pyser.

Timothy mister seg sjølv startar med det normale konseptet det er å miste ei tann, sett vekk frå at Timothy er ein mann midt i livet. Men så ryk både ei tå og ein arm, og til slutt er berre hovudet igjen.

I Ei kjedeleg bok prøver hovudpersonen gjennom heile boka å rømme, for det er så kvitt og kjedeleg der. Først når han klarer å kome seg ut av boka, kjenner han at han vil inn att, for der er jo trass alt mange ting han kan gjere for å setje farge på livet.

I Det runde problemet møter me Robert som forstår at han manglar noko, men han veit ikkje kva. Lesaren ser at det er hovudet som ikkje er der, men Robert forstår det ikkje eingong når han finn hovudet. Han må få hjelp til å få limt det på igjen. Og først då innser han kva han mangla. Svaret er overraskande nok ikkje at han mangla eit hovud, men at han mangla ein ven.

– Eg synest det er veldig fint å ha ei fantasiverd som eg kan forsvinne inn i, og det trur eg er veldig sunt, både for vaksne og barn. Når ein koplar ut med ei god historie, kan ein kanskje få nokre nye tankar, eller så kan ein også berre bli underhalden, seier Markhus.

Kjem ikkje utanom humoren

Me finn også streken og humoren til Vegard Markhus i tre av bøkene i Samlaget sin Leseland-serie. Her møter me Rine og Ravi og den obsternasige læraren Knut, som vil ha elevane til å gjere rampete ting, som å stele eple hjå bonde-Jon, stå på ski utanfor løypa og teikne med tusj på rektor sin bil. Desse bøkene skal vere for nye lesarar, og Markhus måtte jobbe litt annleis.

– Med dei andre bøkene har eg tenkt høgtlesing. Eg har sett for meg ein situasjon der ein vaksen sit med ein unge i sofaen og skal lese boka høgt, og då ligg det ein del føringar for kva som er naturleg i språk og og innhald. Dermed måtte eg tenke ganske annleis når eg skulle skrive bøker der målet er at ungane skal kunne lese dei sjølv. Samtidig kjem jo mange av dei same idéane som til andre bøker, og det blir litt absurd humor. Eg kjem ikkje utanom dei tinga der, seier Vegard Markhus.