• Blogg
  • Har forska på høgtlesing av bildebøker i barnehagen

Har forska på høgtlesing av bildebøker i barnehagen

05.02.2025

Anne Marta Vinsrygg Vadstein komprimert til nettside

Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nynorsksenteret har publisert ein artikkel i tidsskriftet Nordisk barnehageforsking: Mellom skrifta og barnet – tre barnehagelærarar sine strategiar i høgtlesing av bildebøker med få ord og bildebøker med fleire ord.

Hovudfunna er at skriftmengde spelar ei rolle for val av bøker og korleis den vaksne les høgt/realiserer verbalteksten for borna. Det er fleire invitasjonar til samtale, og kommentarar til innhaldet i boka, i lesing av bøker med få ord enn i bøker med fleire ord. Ein skulle kanskje tru at det var meir samtale rundt lengre og meir kompliserte tekstar, men i dei lesingane fortel barnehagelærarane at dei kjenner på tidspress og er usikre på om borna misser konsentrasjonen. Språklege tilpassingar er ein strategi som gir seg utslag i kutting av ord og setningar når boka har mange ord, og at det blir lagt til ord og setningar når boka har få ord.

Her er lenke til temanummeret: 
https://nordiskbarnehageforskning.no/index.php/nbf