• Blogg
  • Bente Bratlund jubilerer: førti år som forfattar

Bente Bratlund jubilerer: førti år som forfattar

20.10.2017

Bratlund 825x510

I desse dagar vert Bente Bratlund feira med ei festframsyning i heimkommunen Os, Her er eg no!. Gjennom førti år som forfattar har Bratlund skrive mange titals bøker på nynorsk, både for barn og vaksne, og no er det tid for å markere den rike forfattarskapen.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Bratlund er utdanna lærar og rettleiar og har arbeidd i skulen i mange år, men dei siste åra har ho skrive på fulltid. Bøkene gjev ho ut i Noreg, men også i Sverige og Danmark, og dermed er det svært mange barn som møter tekstane til Bratlund i oppveksten. Sjølv seier den produktive forfattaren at ho likar å skrive mange ulike typar bøker, og at ho ikkje tek lett på det å skrive for barn. Dei skal nemleg ha det aller beste. Dessutan har Bratlund som mål at bøkene skal vere i eit så enkelt språk at flest mogleg skal kunne lese dei, og at dette er ikkje ein motsetnad til det å skrive om alvorlege tema. Bratlund tek lesaren på alvor, og har mellom anna skrive om det å bere på tunge hemmelegheiter, som i Bebe-bøkene for ungdom. I Fly Tea! Fly! møter vi Tea som kjenner seg utanfor og einsam, sjølv om ho bur hos ein omsorgsfull og god fosterheim.

– Det skal finnast ei bok for alle barn, så dei kjenner at dei ikkje er åleine i verda. Lesing opnar eit rom i ein som ein kan gjere nytte av i livet, og litteraturen kan vere ein meistringsreiskap for livet. Barn har det ikkje heilt enkelt, og mange kjenner seg åleine. Litteraturen kan gje noko for det indre livet, noko å vekse på. Eg håpar at bøkene kan få elevane til å sjå at ei utfordring kan vere ein ressurs, ikkje eit nederlag, fortel Bratlund.

Stripe
Feriefiasko 201x300

Bøkene hennar kan godt ha alvorlege tema, men Bratlund skriv også humoristisk og artig, som i Leseland-bøkene Prompebroren og Feriefiasko. Både barn og vaksne må trekkje på smilebandet av hovudpersonen Bea, som har så lett for å seie noko som ikkje er heilt sant. Livet er mangfaldig og inneheld både alvor og glede.

Ei av dei nyaste bøkene, Svikta, er også med i foreningen Les! sin antologi for 7. trinn, Tid for ti. Her er det med utdrag frå ti nynorske bøker som passar for aldersgruppa, og alle dei 20 000 eksemplara av antologien er tinga.

Stripe
Svikta

– Nynorsk er viktig for meg, det er språket mitt, pulsen min, pusten min. Å få lese på sitt eige språk styrkjer identiteten, og eg meiner det er sjølvsagt at lærarar bør leggje vekt på å leite fram interessante bøker på hovudmålet til elevane. Dessutan er det viktig at bøker må ikkje krevje meir enn ein orkar. At ei bok er lettlesen, til dømes, vil ikkje seie at ho er lettvint. Innhaldet kan godt vere avansert fordi om boka er lettlesen. Det viktigaste er AT born les, ikkje KVA dei les. Det er viktig at dei får lese bøker som gjev dei lyst til å lese ei bok til, og ei bok til osv.

For vaksne har Bratlund skrive ei rekkje diktsamlingar og romanar, og ho er ofte på opplesingsoppdrag, i tillegg til at ho besøkjer skular og held skrivekurs. Det er ein energisk førtiårsjubilant som vert feira. Vi gratulerer Bente Bratlund med jubileet med hennar eige, dagsferske dikt:

Vakna med sitrande forventning
Ny dag
Fjorden ligg stille framfor meg
Berre små lette krusingar
Eg sit på verandaen og takkar
Ingen ting i livet er sjølvsagt
Her er eg no

Bente Bratlund