• Blogg
  • Bjørnen og den vesle tigeren i Bok på 1-2-3

Bjørnen og den vesle tigeren i Bok på 1-2-3

12.09.2023

Guro og Janosch til nettside

No er det laga undervisningsopplegg til tre av historiene om bjørnen og den vesle tigeren.

Bok på 1-2-3 er undervisningsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet.

No ønsker vi å formidle barnebokklassikarane om bjørnen og den vesle tigeren for barnetrinnet. Barnebokskaparen Janosch har gitt oss fantastiske, varme forteljingar med sjarmerande og fargeglade bilete. Desse forteljingane vil vi no gjerne gi vidare til nye generasjonar i begynnaropplæringa.

Bøkene om bjørnen og den vesle tigeren kan lesast gratis på nett, slik at det er ekstra lett å ta opplegga i bruk.

Bok paa 123 Til Panama
Bok på 1-2-3: Til Panama, til Panama!

Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk, naturfag og musikk, med tema mot og vennskap.

Bok paa 123 Tigerpost
Bok på 1-2-3: Tigerpost

Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinnet i norsk, engelsk og kroppsøving, med tema mot og vennskap.

Bok paa 123 Kom la oss finne ein skatt
Bok på 1-2-3: Kom, la oss finne ein skatt

Tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk, samfunnsfag og matematikk for 1.–4. trinnet, med tema mot og vennskap.