Bli med på Lesetimen
30.08.2023

– Med Lesetimen markerer vi FN sin Internasjonale dag for lese- og skriveferdigheit. Vi håper alle som kan, bruker minst ein time på å lese fredag 8. september klokka 19.00. Det kan vere høgtlesing med barna eller ei god bok for seg sjølv, seier Vibeke Røgler som er dagleg leiar i Foreningen !les.
Vi oppfordrar også til høgtlesing og litterær aktivitet i skular, barnehagar, bibliotek og lesekioskar.
Foreningen! les har laga ei Facebook-hending for Lesetimen der du kan dele bilete av lesetimen din.
Nynorsksenteret har laga ein presentasjon om bakgrunnen for FN sin internasjonale dag for lese- og skriveferdigheiter. Denne presentasjonen kan ein vise for elevane før ein set i gang lesetimen.
Lesetips frå Nynorsksenteret
Barnetrinn:
Heidi Marie Vestrheim: Jenny Fender
Sigmund Løvåsen: Tusen elgar i garasjen
Maria Parr: Oskar og eg. Alle plassane vi er
Ungdomstrinn:
Sigrid Agnethe Hansen: Du veit ingenting
Kari Mathilde Hestad: Sceneskifte
Tor Arve Røssland: Den siste krigen. Overleve 3.
Unge vaksne:
Bjørn Hatterud: Blokka på Bjerke. Tretten år i tredje etasje
Brynjulf Jung Tjønn: Kvit norsk mann
Ragnhild Kolden: Krig