• Blogg
  • Bli med på Tid for ti

Bli med på Tid for ti

24.08.2020

Åse Leikanger Til Nettside

Du veit dei gongane då ein tekst berre “treffer” borna rett i humoren, interessa eller i hjarterota. Det er i sanning gylne augeblinkar.

Tekst: Åse Leikanger, lærar ved Dalsfjord skule
Foto: Lovise Kristin Grønbech

Sjuandeklassingane les utdrag frå Blå flaggermus av Harald Nortun. Eg ser korleis smila breier seg i andleta deira, og så kjem det første kniset, snart etterfølgt av fleire. Etter kvart ler alle høgt og hjarteleg.

– Dette er det galnaste og morosamaste eg har lese på lenge!

– Skulle likt å vite kva som skjedde vidare.

– Kanskje vi kan ha boka som høgtlesingsbok i klassen? 

Breitt utval av tekstar

Eg bestemte meg for å melde på 7. klasse på Tid for ti fordi vi hadde starta på temaet å snakke om litteratur og å skrive om litteratur. Eg tenkte at desse utdraga med ulike teksttypar kunne vere eit fint utgangspunkt for nettopp dette.

Også det at vi nyleg hadde jobba med ulike teksttypar og språklege verkemiddel, gjorde at vi valde å delta. Antologien presenterer eit breitt utval av tekstar i ulike sjangrar, som t.d. dikt, romanar, teikneseriar, spenning, fantasy og fagtekstar. Med andre ord eit eldorado for å leite etter sjangertrekk, vurdere språket og leite etter verkemiddel.

Gode lærarrettleiingar

Tid for ti har gode lærarrettleiingar med forslag til ulike tilnærmingar til tekstane, men vi valde altså vår eigen veg. Elevane fekk ein kort presentasjon av teksten på skulen, og eg definerte teksttypen. Deretter samtala vi i klassen.

– Kva hugsar de om fantasy-sjangeren? Kva er typisk for denne typen tekstar? Har de lese noko i denne sjangeren før? Kva kjende fantasy-bøker eller filmar veit de om?

Samtalar rundt litteratur

Dei las teksten, enten på skulen eller som heimelekse, og skreiv deretter ned tankar og meiningar rundt språket, verkemiddel og korleis dei likte utdraget. Det var også viktig å grunngi meiningar. Og som dei skreiv! Først las ein elev opp sine tankar rundt teksten. Så kunne resten supplere og føye til, seie seg samd eller usamd og grunngi kvifor. Dette er ei lita klasse der alle lett kjem til orde, så denne måten fungerte godt for oss. Det vart mange gode samtalar rundt litteratur.

Felles leseoppleving

På oppfordring kjøpte skulen boka Blå flaggermus, og vi sette av ein norsktime i veka til høgtlesing. Vi stoppa opp og dvelte ved gode samanlikningar, ordbilete, gode skildringar og humor som verkemiddel. Men mest av alt kosa vi oss med ei god, felles leseoppleving.

Skap språkleg medvit

Det finst mange vegar til Rom og mange innfallsvinklar til å stimulere leselyst og fange interessa for litteratur. Som norsklærar også på ungdomstrinnet, trur eg at å bidra til å skape eit språkleg medvit allereie på mellomtrinnet er ein god inngangsbillett til ungdomstrinnet, der dei skal gå djupare inn i tekstar, vurdere språket, finne språklege verkemiddel og analysere innhald i skjønnlitterære tekstar.

Eg tilrår varmt å vere med på Tid for ti.

Her finn du lenka til påmeldingsskjema for Tid for ti 2021.