• Blogg
  • Bli med på undersøking om lesing i barnehagen

Bli med på undersøking om lesing i barnehagen

24.01.2022

To store gutar les alternativ2 til nettside

Barnehagar over heile landet er inviterte til å delta i ei undersøking om lesing i barnehagen.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden

– Barnehagen er ein superviktig språkbruksarena! Difor ønskjer vi å bli betre kjende med lesepraksisar i norske barnehagar, seier Trude Hoel, som er professor i lesevitskap ved Lesesenteret i Stavanger.

Dei som står bak, håper at barnehagane vil setje av tid til å svare på undersøkinga. Dei ønskjer svar frå både private og kommunale barnehagar, små og store, barnehagar i nynorsk- og bokmålsområde. Undersøkinga er send ut til styrarane, som vidaresender lenka til undersøkinga til avdelingsleiarar/pedagogiske leiarar. Ein person skal svare per avdeling eller base.

– Vi ønskjer svar frå alle avdelingane i barnehagen, både småbarns- og storbarnsavdelingar. På den måten kan vi skaffe oss eit mest mogleg nyansert bilete av korleis lesing og språkarbeid skjer. Dess fleire som svarer, dess meir representative vert tala, seier Hoel.

Trude Hoel til nettside 2
Trude Hoel er professor i lesevitskap ved Lesesenteret i Stavanger.

Bakgrunn

Det er forskarar ved Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger som står bak undersøkinga. Dei samarbeider tett med forskarar ved Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø, Dronning Mauds Minne og Høgskulen i Volda. Undersøkinga er ein del av to aktive forskingsprosjekt, Sprell og Sensory Books.

– Det finst både stipendiatar, masterstudentar og ei breitt samansett forskingsgruppe som er interesserte i resultata frå undersøkinga, seier Hoel.

Dei håper mellom anna å få svar på kor ofte og på kva slags måtar det vert lese på i barnehagen saman med barna. Andre spørsmål handlar om kva slags bøker som vert lesne, på kva slags språk og korleis barnehagen får kjennskap til nye bøker.

Styrke kvalitet

Målet er å styrke kvaliteten på leseaktivitetar i barnehagen. Resultata skal brukast i forsking, undervisning og kompetanseutvikling.

– Vi skal mellom anna bruke resultata frå undersøkinga til å lage fokusgrupper med barnehagestudentar og barnehagetilsette rundt om i landet. Her vert det mogleg å drøfte resultata, seier Hoel.

Svarfristen er 17. februar.

Barnehagefoto med trillevogn til nettside