#bokaerbestute

24.06.2019

Fem Barneboktuer

Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
Foto: Ivar Aasen-tunet og fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane

Ivar Aasen-tunet har i fleire år hatt utebiblioteket «Barneboktua» på turmålet Høgetua i sommarhalvåret. Høgetua ligg ein liten gåtur frå museet gjennom skogen. Her har dei fylt to postkasser med nynorske barnebøker. Museet har etter kvart utvida tilbodet med fleire nynorske utebibliotek i kommunane rundt. Alle som kjem til utebiblioteka, kan finne seg ei bok og lese i naturskjøne omgjevnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går.

Turbiblioteket Foto Siv Merethe Hatlem
Sogn og Fjordane fylkeskommune lagar turbibliotek i kvar av dei 26 kommunane i fylket.

Dagsturhytter

Sogn og Fjordane fylkeskommune lagar turbibliotek i kvar av dei 26 kommunane i fylket. Biblioteka held til inne i dagsturhyttene som dei er i ferd med å setje opp. Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med nynorske bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere god nynorsk barnelitteratur kjent.

Prosjekt for skulen eller barnehagen

Det går også an å lage utebibliotek sjølv. Ein treng berre ei kasse, nokre gode bøker og eit turmål. Ei gjestebok kan også vere kjekt. Kanskje kan det vere eit prosjekt for skulen eller barnehagen i Bokåret 2019?