• Blogg
  • Bør øve rettskriving på mellomtrinnet

Bør øve rettskriving på mellomtrinnet

03.09.2020

Anita S Støfring Til Nettside

Lektor på 8. trinn ved Rå ungdomsskole, Anita Steinsbø Støfring, seier det er seint å starte med å terpe på rettskriving på nynorsk sidemål på 8. trinn. Støfring seier at det er viktig at elevar får støtte og hjelp til å bli gode skrivarar så tidleg som mogleg. 

Tekst: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Foto: Maria Edvardsen

Anita Steinsbø Støfring fullførte mastergraden sin i 2019 ved Høgskulen på Vestlandet med oppgåva «Rettskriving i nynorsk og bokmål: Ein studie av substantiv og verb i tekstar skrivne av elevar på 7. trinn». Støfring jobbar no som lærar. Ho ser stor forskjell på kven av elevane på 8. trinn som har fått rettskrivingstrening i nynorsk sidemål på mellomtrinnet, og kven som ikkje har fått det. Nokre har ikkje hatt noka skrivetrening, medan andre har blitt ganske gode. Ho seier at dersom lærarane øver med elevane på mellomtrinnet, så forsvinn dei mest typiske feila til dei er på ungdomstrinnet. 

Mest feil med substantiv og verb

Datamaterialet til Støfring si undersøking er henta frå Normkorpuset. Føremålet med denne undersøkinga var å finne ut kva rettskrivingsfeil ein kan finne i tekstar som er skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål og i tekstar skrivne av elevar med bokmål som hovudmål. Tekstane er skrivne av elevar på 7. trinn i 2012/13. Ho studerte mellom anna 140 tekstar som var skrivne på nynorsk og 152 tekstar som var skrivne på bokmål. Ho valde å analysere alle substantiv og verb i infinitiv, presens og preteritum. Ho fann ut at nynorskelevane gjer dobbelt så mange feil som bokmålselevane i ordklassane verb og substantiv når dei skal skrive hovudmålet sitt. I nynorsktekstane var der nesten 13 prosent avviksord i ordklassane substantiv og verb. Over 40 prosent av feila i nynorsktekstane fall saman med bokmålsnorma. Her følgjer eit samandrag av funna til Støfring. 

Påverka av bokmål

Støfring si undersøking syner at erstatning av vokal er den mest frekvente feilen knytt til vokalisme. Døme på dei mest frekvente feila er *være (vere) og *for (får). (Ord som elevane har skrive feil er merkte med * før ordet). I ordet vere er vokalen e erstatta med æ, noko som er døme på bokmålsamanfall.

Erstatning av konsonant og feil med dobbel konsonant er dei største feiltypekategoriane innanfor konsonantisme. Døme er: *fant (fann) som også er bokmålsamanfall. Døme på feil med dobbel konsonant er *satt (sat), *reddselen (redselen) og *albummet (albumet)

Illustrasjonsfoto Mellomtrinnet
Illustrasjonsfoto: Anna Kirsten Aaland Hellevang

Sterke verb blir bøygde svakt

I verbbøying gjer elevane mest feil med at sterke verb får svak bøying i presens og a-verb får e-ending i presens. Frekvente feil med sterke verb som får svak bøying er *kommer (kjem) og *ligger (ligg) i presens, og *drepte (drap) og *leste (las) i preteritum. Døme på a-verb som får e-ending i presens er *lager (lagar) og *elsker (elskar). Desse orda fell saman med bokmålsnorma. 

Hypernorsk

Når e-verb er bøygde som a-verb har elevane gjeve verba -ar-ending i staden for -er-ending. Aud Søyland kallar denne typen feil for hypernorsk. Elevane skriv slik fordi at ordet kling meir nynorsk.

Når det gjeld substantivbøying, er det flest feil der hankjønnsord i fleirtal får hokjønnsbøying. Døme er: *zombier (zombiar), *dager (dagar) og *elevene (elevane). Desse feila tyder på at påverknad frå bokmål er ein faktor i nynorske tekstar. 

Bli bevisste på kva feil ein skriv

Dersom elevar har mykje bokmålsinnslag i dei nynorske tekstane sine, foreslår Støfring at lærarane gjer elevane merksame på det. Elevane kan slå opp ord som dei er usikre på, i ordboka. Støfring påpeikar at det kan vere ein del feil knytte til dialekta. Dersom det er tilfelle, bør lærarane hjelpe elvane med å bli bevisste på desse feila. Støfring seier at det er viktig at elevar får støtte og hjelp til å bli så gode skrivarar som mogleg ut ifrå evnene og føresetnadane deira.