• Blogg
  • Brutalt ærleg om det sårbare i livet

Brutalt ærleg om det sårbare i livet

26.11.2024

Hilde K Kvalvaag til nettside

Hilde K. Kvalvaag har skrive seks bøker for ungdom og tre for vaksne. 

Jenter som famlar seg fram til kven dei skal vere, og gutar som forlet mora. Sakn og lengsel, forelsking og avvising, liv og død. Heile forfattarskapen til Hilde K. Kvalvaag har handla om dei store spørsmåla i livet. 

Tekst og foto: Heidi Fagna

– Å kunne vere brutalt ærleg er noko eg synest er både viktig og fint i litteraturen, og også i livet elles. I større eller mindre grad tenker eg at alt eg har skrive, er sårbart, seier Hilde K. Kvalvaag i Nynorsksenteret sin forfattarpodkast Bakom boka. 

Kvalvaag har skrive seks bøker for ungdom og tre bøker for vaksne. 

Hjarteklapp

Bøker for ungdom

I Hjarteklapp møter me 13 år gamle Ingvild. Ho trur ho snart skal døy av hjartestans, for det gjorde søstera som baby, og sjølv har ho bilyd på hjartet. Og dessutan får ho hjarteklapp av Aksel, men ho er usikker på kor interessert han er. 

I Nattsommarfugl har Johanne reist frå byen til bygda der ho skal bu hjå mormor og morfar og ha sommarjobb på butikken. Ho gler seg til å sjå att Are, som var sommarforelskinga i fjor, og til at storesøstera Katrin skal kome for å ha sommarferie saman med ho, men ingenting går etter planen. 

Stripe
Fengsla

I Fengsla møter me Idun. Ho er snart 16 år, eit skulelys og eit løpstalent. Ho har ein utflytta far, ei noko svevande mor og ei snart innflytta kusine, som ho omtaler som ei hore. Mai har eit vanskeleg forhold til mora, og ho ligg med mange menn. Mai forelskar seg i ein som sit fengsla på ei øy i nærleiken, og ho overtaler Idun til å vere med på å snike seg inn i fengselet. 

Fengsla sikra Kvalvaag Brageprisen i 2010, og ho vart kåra til Årets beste nynorskbok av Dag og Tid sine lesarar. I 2019 kåra ein jury  Fengsla  til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. 

Stripe
Søsteranarkistane komprimert til nettside

Svart dystopi

I åra 2017–2022 gav Hilde K. Kvalvaag og ektemannen Sturla Bang ut trilogien Søsteranarkistane. Bøkene har verdas kortaste titlar: Under, Over  og Ut.

Her møter me Ela. Ho er slave på fabrikken i byen SDK Zeijang-Volvo. Tyrannen Ingmor styrer knallhardt. Ela oppdagar grufulle sanningar, og ho startar opprøret. Dette er science fiction med action frå første side og verkeleg ein framtidsdystopi. Samstundes er det også ein del her som er gjenkjenneleg. Språket i bøkene er ei blanding av nydikta ord og fleire eksisterande språk. Sterkast er elementa av svensk og mandarin, som bynamnet Zeijang-Volvo hintar om. 

For unge vaksne og heilt vaksne

Lev vel, alle er ein roman for eit litt eldre publikum. Han kan fungere godt på vidaregåande skule. Her møter me 16 år gamle Knut, som motvillig går med på å reise til Canada med mora for å leite etter spor etter tippoldefaren Knut, som forlet familien i Noreg og levde dei siste 30 åra av livet der. Knut er gamal nok til å ha ansvar for eigne handlingar, men likevel langt frå vaksen. Han har vore gjennom ei rettssak etter å ha slått ned sin beste ven. Mora prøver å muntre han opp etter beste evne, men dei slit med dynamikken. 

I tillegg har Hilde K. Kvalvaag skrive to bøker for heilt vaksne: Skagerrak (2008) og Djuphavsslettene (2021). Djuphavsslettene er ein sjølvbiografisk roman, forma som eit langt kjærleiksbrev til sonen Victor. Han gjorde sjølvmord sommaren 2018, og Kvalvaag jobba seg gjennom sorga med å skrive. 

– Det vert ikkje mindre bøker om liv og død frå meg framover, for å seie det slik, seier Hilde K. Kvalvaag i Bakom boka.