• Blogg
  • Bygdekrimdronninga Magnhild Bruheim

Bygdekrimdronninga Magnhild Bruheim

01.10.2024

Magnhild Bruheim til nettside

Magnhild Bruheim skriv krim og spenning for barn, ungdom og vaksne. Ho tar opp mange vanskelege tema, men nokre grenser i barnebøkene må ho likevel ha. 

Tekst og foto: Heidi Fagna

– Det er viktig at det vert skummelt i ei spenningsbok. Eg synest ikkje det er så mange grenser for kva ein kan skrive om, og kva som kan skje, men det er viktig at det endar i harmoni. Mysteriet må verte oppklart, og boka kan ikkje ende i katastrofe. Eg let ikkje barna verte skadde eller drepne. Så langt ville eg aldri latt det gå i ei bok for barn, seier Magnhild Bruheim i Bakom boka, forfattarpodkasten til Nynorsksenteret. 

Magnhild Bruheim har skrive 19 bøker for barn, ungdom og vaksne. Her ser me nærare på dei som er for barn og ungdom. 

Tre bøker for barn: Mysterieserie om Stian og Stine

Motorsykkelmysteriet (2014)
Stian og Stine er begge 12 år, og dei bur i same hus, men dei er ikkje søsken. Mor til Stine og far til Stian har vorte kjærastar, og no skal denne nye familien fungere saman. Stian og Stine finn kvarandre i interessa for mysterium, og då det dukkar opp ein mystisk person i hagen, tek dei saka. Same kveld køyrer ein motorsykkel på ein gut frå den nyleg oppsette romleiren i nabolaget. 

Motorsykkelmysteriet til nettside

Hyttemysteriet (2015) 
Stian har vorte journalist for Ung-sidene til avisa og har skrive ei sak om ei gamal hytte der det budde motstandsfolk under krigen. Han får vite at der seinare skjedde eit drap som ikkje vart oppklart. Han begynner å nøste, og han forstår etter kvart at ikkje alle vaksne svarer sant på spørsmåla hans. 

Bjørnemysteriet (2016)
Ein 8-åring vert fråstolen pengar, og han seier det var ein bjørn som gjorde det. Stian og Stine tek saka, og er raskt på sporet av såkalla hamskiftarar, altså menneske som kan verte dyr. Svaret viser seg å vere meir jordnært enn som så. 

Alle bøkene om Stian og Stine tek opp samfunnsaktuelle problemstillingar, som rasisme og partnardrap. Også i familielivet deira møter me ulike problemstillingar. Både Stine og Stian har nyleg vore på flyttefot for å flytte saman. Ho finn raskt nye vener, men han er meir åleine. I huset bur også Malin, storesøstera til Stian. Me får sjå kor vanskeleg det kan vere å sveise saman ein mine-barn-og-dine-barn-familie. Dessutan er Stine eit resultat av sæddonasjon, ei problemstilling som stadig dukkar opp gjennom serien. 

Ungdomsbøker av Magnhild Bruheim

Spenningsserien om Bente og Kami

Ny melding (2003)
Bente Vessel er snart 15 år. Besteveninna Kami (Kari-Marie) forsvinn på mystisk vis, og Bente vert dradd inn i det. Dei vaksne trur Kami kan vere kidnappa, men Bente får tekstmeldingar frå ho. Bente reiser til Oslo for å leite etter veninna. Der møter ho den mystiske Jytte, som kanskje veit kvar Kami er. 

Venneringen til nettside

Venneringen (2007)
Sommarferien før 10. klasse reiser Bente Vessel på hyttetur med Kami, Ingrid og Martine. Kami og Ingrid er i ferd med å verte stesøstrer, og Bente er redd Ingrid skal kome mellom ho sjølv og Kami. Ingrid og Kami lokkar til seg kvar sin kjærast, og dei stikk av frå hytta fleire gonger. Bente er fortvila, både fordi Kami er fjern for ho, og fordi det skjer innbrot i hyttefeltet. Det skjedde ei valdtekt i området kort tid før dei kom. 

På flukt (2010) 
Bente Vessel og Henrik lagar film om jenter frå innvandrarfamiliar i Oslo. Dei vert kontakta av Yasmeen, som er i ferd med å verte tvangsgifta. Dei veit ikkje korleis dei kan hjelpe, men dei veit i alle fall at dei ikkje kan la vere å hjelpe. 

Blod på hendene (2011) 
Dette er Kami si bok. Ho vert med ei gruppe eldre ungdommar på aksjonar mot pelsdyrgardar. Dei filmar ulovleg inne på gardane og dokumenterer at dyr ikkje har det bra. Bileta fører til at dottera til ein av pelsdyrbøndene vert mobba, og me møter også hennar perspektiv i boka.

Bente Vessel er forelska i stadig nye gutar, og her skjer ei utvikling i venskap og familierelasjonar frå bok til bok. Serien tek opp mange samfunnsaktuelle problemstillingar, som tvangsekteskap og menn som utnyttar mindreårige jenter. 

Samfunnsaktuelle tema finn ein i alle ungdomsromanane frå Magnhild Bruheim. 

Frittståande ungdomsromanar

Det som er sant (2013)
15 år gamle Linn er forelska i Sander, men etter ein fest vert han skulda for å ha valdteke Hanna. Linn og Hanna går same i klasse, men er ikkje spesielt gode vener. No er Linn redd for å miste besteveninna Solveig, fordi ho er så oppteken av å støtte Hanna. 

Boka er spekka av alvor og vanskelege kjensler. Tittelen er Det som er sant, men i valdtektssaker er det ikkje alltid ein kjem fram til den eine og sikre sanninga.  

Avlyst på grunn av sorg til nettside

Avlyst på grunn av sorg (2019)
Eline skal begynne på vidaregåande skule og er nettopp komen heim frå ferie i USA. 22 dagar utan kjærasten Jonas var altfor lenge. Men han møter ho ikkje så hjarteleg som ho håpa han skulle. Det viser seg at han har fått ein ny kjærast, og det er ingen annan enn Sunniva, besteveninna til Eline. I tillegg er Sunniva den argaste konkurrenten Eline har i kampen om hovudrolla i musikalen. 

Her er også eit mysterium: I skogen møter ho ein tynn og skiten gut på rundt 14 år, som bur åleine i eit telt. Han insisterer på å få vere åleine. Like etter møter ho politifolk som leitar etter han. Ho tystar ikkje, men besøker han på nytt, og dei vert vener. Ho fortel om kjærleikssorga, og han avslører ein valdeleg stefar og ei mor som ikkje greip inn. 

Likskap og ulikskap i Bruheim-bøkene

Bruheim skriv krim og spenning som er plassert på bygda, ofte omtala som bygdekrim. Ho skriv for eit stort aldersspenn, men nokre ting er sams: Der er spenning, mysterium og samfunnsaktuelle tema. Og i alle bøkene står venskap sentralt. 

– Eg trur det er ein veldig viktig del av menneskelivet, og ikkje minst for barn og ungdom. Dei begynner å fjerne seg litt fra familiesituasjonen, og då er vener avgjerande for vegen vidare. Men venskap er jo også kompliserte. Dei kan medføre svik, og dei kan verte uvenskap. Også i venskap ligg der mange spenningar å skrive om, seier Magnhild Bruheim i podkasten Bakom boka.