• Blogg
  • Då eg fann nynorsken

Då eg fann nynorsken

30.10.2020

Gaute Eiterjord1

Gaute Eiterjord vaks opp på Våland i Stavanger og blir snart 25 år. Tidlegare har han vore leiar i Natur og ungdom. Dette biletet er teke i Lofoten.

Eg vaks opp med å skrive bokmål, men då eg var 16 år gammal bytte eg til nynorsk. Eg har aldri angra på det valet, tvert om har det berre gitt meg masse språkglede.

Tekst: Gaute Eiterjord
Foto: Jørgen Næss Karlsen/ Natur og Ungdom

Då eg vaks opp, skreiv eg bokmål, slik som alle andre gjorde. Det fanst faktisk ein nynorskklasse på barneskulen min, men ikkje på mitt kull. For meg var nynorsken noko me lærte i norsken, men ikkje noko meir.

Då eg starta på vidaregåande skule, var det heller ikkje særleg mange som brukte nynorsk, men det fanst nokon: I Kongsgård elevmållag. Dei verva meg, og det gjorde meg medviten om språk og dialekt på ein annan måte enn før. Tidlegare hadde eg ikkje tenkt så mykje over at det faktisk fanst eit knakande godt språk bygd på norske dialekter, som absolutt dugde til alt ein kunne bruke bokmål til, som faktisk fungerte endå betre.

Eg innsåg til dømes at ein av grunnane til at eg alltid hadde likt å høyre på og lese Are Kalvø, var språket hans (som jo er nøkkelen til å framstå langt meir interessant enn du faktisk er). Nynorsken gjorde det lettare for meg å seie det eg ville seie, det blei mindre kronglete setningar og ein meir direkte språkbruk. Eg oppdaga ein heil haug med nye, spennande ord, ein språkarv eg ikkje hadde visst om.

Det var då eg etter kvart las ei av favorittbøkene mine frå barndommen, Hobbiten av J.R.R. Tolkien, på nynorsk at eg innsåg at eg like så godt berre kunne legge om. Når til og med fantasy blei så bra på nynorsk, fjerna det all tvil. Etter ei lita stund var det like naturleg å skrive nynorsk som bokmål. Åtte år seinare angrar eg ikkje i det heile tatt på at eg tok det valet. Men eg skulle ønske det hadde vore lettare.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det finst ein del hinder for å gjere dette i dag. Som nynorskbrukar kan ein bli møtt med nedsettande kommentarar om språket sitt, ein må krangle med ein skule som ikkje gidd å kjøpe inn nok lærebøker på nynorsk – og bokmålet er mykje meir synleg i media og kultur. Me har framleis ikkje reell jamstilling av skriftspråka i Noreg.

Men sjølv om ein som nynorskbrukar må kjempe unødvendige kampar, så er det ikkje først og fremst det eg tenker på når eg tenker på nynorsk. Eg tenker først og fremst på at orda kjem mykje lettare, meir naturleg og flyt betre enn det dei gjorde då eg brukte bokmål. Å bruke nynorsk gir ei god kjensle, slik det å kunne bruke ditt eige språk skal gjere.

I tillegg får ein ei rekke fordelar, slik som betre språkkunnskapar. Også folk som elles bruker bokmål, har godt av nynorsken. Forfattarar som Tore Renberg, Frank Rossavik og Carl Frode Tiller har alle trekt fram korleis det å skrive bøker på nynorsk gjorde dei til betre forfattarar.

Då eg sjølv fekk høvet til å skrive ei bok om norsk klimapolitikk med tips til korleis ein kan imøtegå hersketeknikkar og mytar, var noko av det som gjorde meg mest glad at nå fekk eg ikkje berre moglegheita til formidle ein bodskap eg bryr meg om. Eg kunne attpåtil gjere det på nynorsk. For då eg søkte litt rundt omkring, såg eg at dei aller fleste bøkene som var skrivne om noko liknande, var på bokmål. Det var jo for dårleg.

Det er kanskje litt flåsete sagt, men eg trur nynorsken trengst i miljøkampen. Ikkje at alle miljøaktivistar må legge om til nynorsk, det er vel kanskje å dra det litt langt at me hadde klart å stoppe all miljøøydelegging då. Men poenget mitt er at språk er viktig, for språk er makt. Kva ord me bruker, har mykje å seie når me skal overtyde meiningsmotstandarar og få gjennomslag. Snakkar du komplisert og kronglete, vinn du ikkje fram.

Språket har også mykje å seie for om dei som øydelegg naturen klarer å tåkelegge debatten og sleppe unna med miljøkriminalitet – eller om dei blir avslørde. Kor ofte har me ikkje høyrt politikarar og oljelobby snakke om «rein, norsk olje», når det dei snakkar er fossil energi som koker kloden. Eller gruveselskap snakke om «deponering av gruveavgang i sjø», som jo høyrest så mykje meir uskuldig ut enn å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i ein fjord full av liv?

Å vere medviten om språket sitt, og språkbruken til andre, er eit viktig verktøy for å avsløre bullshit-argumentasjon og få fram sanninga. Å vise korleis ein kan gjere dette, var noko av det eg ville med boka Klimaopprøret, som eg håper kan vere ein god reiskap for deg som er opptatt av miljøet, og som viser at nynorsk funkar like bra som bokmål til å slå tilbake mot hersketeknikkar og knuse mytar om norsk klimapolitikk.