Da forfattar Ruth Lillegraven kom på besøk
09.12.2024
Forfattar Ruth Lillegraven. (Foto: Ann Sissel Holte)
Hatlane skole i Ålesund fekk besøk av forfattar Ruth Lillegraven i haust. Her kan du lese om korleis lærarane førebudde elevane på ulike måtar.
Tekst: Lærar Astrid Rødølen ved Hatlane skole
I oktober 2024 var skulen så heldig å få besøk av forfattar Ruth Lillegraven. Utspringet var eit samarbeid mellom Moa bibliotek, Naturvernforbundet, Natur og ungdom og organisasjonen Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei fire aktørane hadde gått saman om å rette merksemd mot klimasaka frå eit (skjønn)litterært perspektiv, og kalla satsinga «Lyrikk med klimablikk». Som del av dette fellesprosjektet fekk skulen vår tilbod om å få besøk av Ruth Lillegraven, denne prislønte forfattaren som har skrive bøker i ulike sjangrar for både vaksne og barn med tematikk knytt til ulike (menneskeskapte) klimautfordringar.
Ved Hatlane skole bestemte vi oss for å gi denne opplevinga til elevar ved første til fjerde trinn, samt til ungdomsgruppa ved styrkt avdeling, i alt om lag 260 elevar. I forkant av forfattarbesøket førebudde trinna seg på ulike måtar. Nokre trinn fokuserte på diktsamlingane Eg er eg er eg er og Skogen den grøne, som eg vil påstå appellerer så vel til vaksne som til barn, sjølv om diktsamlingane er skrivne for barn spesielt. Andre valde å fokusere på bokserien Klodeklubben, ein spanande serie for barn i alderen 6–9 år.
Elevar ved første til fjerde trinn førebudde seg ved å lese mykje av litteraturen, og ved å bli lesne høgt for. Elevane ved ungdomstrinnet på styrkt avdeling arbeidde i hovudsak med utvalde dikt frå diktsamlinga Skogen den grøne. Eit dikt frå samlinga som vart mykje nytta, var diktet Samtale:
Samtale
bjørka
har grøn kjole
snart er han gul
rogna har raude
øyredobbar
sjå på meg
seier bjørka
sjå på meg
seier rogna
å, for nokre jåler
no treng eg luft
seier furua og
brusar med
greinene
Lærar las høgt frå diktsamlinga. Elevar leita etter rogn ute, henta greiner av rogn inn og freista å sanse poesien i treet og treet i poesien, før dei måla dikta og laga ei lita utstilling på skulen.
Den store dagen var da sjølvaste Ruth skulle kome på forfattarbesøk. Kan hende vart ho ørlite overvelda over den store aulaen her i skulehuset. Her hadde vi rigga mikrofon, lys og bildeframvisar til illustrasjonane. Til amfiet kom elevar frå første til fjerde trinn, som sette seg tett i tett som rognebær i klasar oppover imot toppen, der ungdomselevane frå styrkt avdeling avgrensa aulaen imot resten av skulen og ramma det heile inn. Ruth las frå både diktsamlingar og klodeklubben-bøkene og skapte ei nær og sanseleg stund der både elevar og lærarar fekk ei oppleving som bidrog til både engasjement og ettertanke.
Ønsker du å arbeide med litteraturen til Ruth Lillegraven? Her finn du opplegg som er laga av Nynorsksenteret og Foreningen! les.