• Blogg
  • Debuterer med ungdomsbok på nynorsk

Debuterer med ungdomsbok på nynorsk

14.04.2020

Forfattar S A  Hansen

Sigrid Agnethe Hansen (f. 1989) er programleiar og produsent i NRK Troms. Ser du dette? er hennar første bok.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal 
Foto: Fabian Ubeda

Først av alt: Til lykke som forfattar! Kan du fortelje noko om bakgrunnen din og vegen fram mot yrke og forfattarskap?

– Tusen takk for det! Eg har vakse opp i Harstad, som lesehest både heime og på skulen. Eg har ei samansett utdanning. Eg har studert både litteraturvitskap, fransk, samfunnsplanlegging, kulturforståing og litt kjønnsforsking. Eg jobba litt i lokalavis i Tromsø da eg fullførte masteroppgåva mi, og kvelden før fristen gjekk ut, søkte eg på jobb i Nynorsk mediesenter i NRK. Eg starta opplæringa der hausten 2014, og har vore i NRK sidan da, sidan 2015 på distriktskontoret i Tromsø. Der jobbar eg som programleiar og produsent i radio. Da eg var student, skreiv eg blogg i mange år, men så slutta eg med det da eg starta i NRK. Det kjentest litt for privat, plutseleg. Men så ein dag, medan eg var i mammapermisjon, fekk eg mail frå ein redaktør i Samlaget som hadde funne fram til den gamle bloggen min og likte det han las. Han lurte på om eg ville skrive litt for ungdom, og at han var veldig interessert i å lese meir. Eg ville gjerne det, men hadde ikkje heilt hovudet over vatn før eitt år seinare. Hausten 2018 sende eg inn dei første sidene av det som etterkvart skulle bli «Ser du dette?» og så var det i gang på ordentleg!

Du kjem frå Harstad i Troms. Kva er ditt forhold til nynorsk skriftspråk og kultur, og kvifor skriv du nynorsk? Kva tankar har du om bokmål og dialekt i det skrivne?

– Eg har nok ikkje eit meir spesielt forhold til nynorsk enn andre, i den forstand at det var ikkje noko stort eureka-augneblikk som fekk meg til å bli nynorskbrukar. Eg har alltid lese mykje, og det var nok da eg las Frode Grytten ein gong på ungdomsskulen at eg verkeleg fekk auga opp for det, men det var først som student på universitetet eg sjølv vart nynorskbrukar. Med all knoting og ordbokbruk som det medførte, sjølvsagt. Det er 12 år sidan no, og sidan da, er det nynorsk eg har brukt. Når eg tar til å tenke på ein tekst eg skal skrive, det vere seg eit manus eller ein e-post, så er stemma i hovudet på nynorsk. Sidan eg jobbar i NRK, er det heldigvis også den målforma eg får bruke i arbeidet mitt, og eg slepp å ta kampar på det slik andre kanskje må. Eg synest jo sjølv at den dialekta eg pratar, ligg mykje nærmare nynorsk enn bokmål, og eigentleg er det rart at nynorsk ikkje er meir brukt her oppe. Elles skriv eg også mykje på dialekt, det gjer eg i alle sosiale medium, kanskje fordi det er meir «personleg» på eit vis? Viss eg skriv bokmål, føler eg at det ikkje er eg som er avsendar.

Kva råd vil du gi til lærarar som skal undervise i nynorsk (særleg som sidemål), med tanke på motivasjon, bevisstgjering og identitet? Kva fordelar har du som nynorskbrukar?

– Håpar i alle fall alle lærarar har slutta å seie at den einaste gode bruken ein vil ha av nynorsk, er om ein skal jobbe i offentleg sektor og får eit brev på nynorsk som ein derfor også må svare på nynorsk. Gud betre, kva slags argument var eigentleg det? Kva for ein ungdom på 15–16 ser for seg å jobbe i noko som heiter «offentleg sektor»? Samtidig skjønner eg at lærarane har ei stor og vanskeleg oppgåve i å grunngje at elevane må lære ei ekstra målform når dei allereie har eit hovudmål. Sjølv er jo norskfaget det eg nok kan seie med handa på hjartet at eg har hatt mest igjen for å meistre i alle åra eg gjekk på skulen. Er du god i språk, er det fleire dører som opnar seg. Som nynorskbrukar føler eg fordelen er at eg har eit veldig bevisst forhold til språk og at eg er veldig nysgjerrig på språk – og for min del var det mi dør inn i NRK. Så det er eit godt tips: Finn fram til kule nynorskbrukarar rundt om i landet, vis ungdommen kva slags kule jobbar ein kan få av å vere ordentleg god i nynorsk!

9788234001802 Ser Du Dette Framside R 700X
Ungdomsboka Ser du dette? handlar om Anna som har flytta til ein ny stad. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg.

Du har samiske røter og er gift med ein samisk forfattar. Du oppdrar også eit barn to-språkleg. Kan du fortelje litt om vala dine og det bevisste forholdet ditt til identitet, kultur og språk?

– I vår heim er det slik at eg snakkar norsk til barnet, mannen min og eg snakkar norsk saman, og mannen min og barnet snakkar nordsamisk saman. Slik har det vore heile tida, i snart tre år. Fordi eg har levd i den tospråklege heimen, har eg også lært veldig mykje, så eg snakkar etterkvart ein del nordsamisk også. I alle fall prøver eg. Barnet går i samisk barnehage der dei berre snakkar samisk, og han snakkar derfor mykje til meg på samisk også når han kjem heim. Eg er veldig glad for at barnet mitt får vere eit samisk barn, at han får både språket og kulturen, at det får vere noko heilt sjølvsagt. Så får det vere at eg ikkje alltid forstår det han seier, og at eg må prøve å få ut av han kva han meiner også på norsk. For meg er det veldig viktig at barnet mitt ikkje skal måtte oppleve skam rundt det å vere samisk og det å snakke samisk, for det er det mange nok som har gått gjennom i åra som har vore. 

Kva tankar har du kring å vere fleirspråkleg?

– Ved Universitetet i Tromsø har dei akkurat starta opp ei større forskingsgruppe som skal forske på kva som skjer i hjernen til barn som lærer fleire språk på ein gong. Det er veldig mykje mytar rundt det, trur eg, og fleire eldre tenker nok at barn ikkje har godt av det, at dei blir språkforvirra. Eg er veldig spent på kva den forskingsgruppa finn ut! Eg synest fleirspråklegheit er spennande, og det er ganske rått å sjå kor mykje språk eit barn på 2,5 år fangar opp. Dessutan er barna som veks opp no, omkransa av engelsk (og andre språk) via YouTube, kor mange ser på barne-tv. Peppa Gris på russisk eller nederlandsk. Eg tenker at fleirspråklegheit er noko stadig fleire møter, og at barn er yngre og yngre når dei blir eksponert for språk – no er ikkje eg forskar, men eg trur dette berre er positivt. 

Debutromanen din er for målgruppa ungdom. Kvifor er han skriven på nynorsk? Kva språkval ser du føre deg ved eventuelle nye bøker, eller i yrket som journalist?

– Boka er skriven på nynorsk fordi eg skriv på nynorsk. Det høyrest kanskje teit ut, men eg trur ikkje at eg ville ha skrive den boka eg har gjort på bokmål. Det er nynorsk som er mitt skriftspråk, og mitt arbeidsspråk, det er den stemma eg har. Eg ser ikkje for meg å skrive bøker på bokmål. I jobbsamanheng skriv eg manus for andre, da skriv eg på bokmål for at det ikkje skal bli ekstraarbeid for den som skal lese det. Om det er eg sjølv som skal lese manuset, skriv eg på nynorsk.

Korleis opplever du å vere nynorskforfattar? 

– No har eg vore det i om lag to månadar, sånn offisielt, og det har vore veldig kjekt så langt. Så kjenner eg på eit visst ansvar for å halde nynorsken levande, og så håpar eg at det eg skriv, kan vere med på å gjere nynorsk ungdomslitteratur enda meir spennande. Men eg kjem nok aldri til å vere den som er sterkast i nynorsk rettskriving – eg er hyppig innom ordbok-appen på telefonen, for å seie det slik, og språkvaskaren hadde nok å gjere da ho las korrektur på manuset mitt.

Kva bøker, forfattarar og anna inspirerer deg/har forma deg?

– «Beatles» av Lars Saabye Christensen var ein koloss som eg elska med heile meg, og som eg sikkert har lese ti gongar. Ei fantastisk bok. Å lese Agnar Mykle litt seinare i ungdommen var også stort, eg elska å lese om alle lengslane og havarerte kjærleiksforholda, som også kom tilbake med Knausgård nokre år etter det igjen. Frode Grytten var også viktig og fekk auga mine opp for novellesjangeren. Vigdis Hjort, Siri Hustvedt og Sara Stridsberg er også litterære førebilete på kvar sine måtar. Og så las eg Michel Houellebecq for første gong før jul og mista heilt munn og mæle av at det er LOV å skrive slik han gjer, så pessimistisk og perverst – eg elska det.

Men eg hentar mest inspirasjon i det å vere nysgjerrig. Eg ser for meg eit scenario og så tenker eg «kva skjedde før det? Eller etterpå?». Det kan vere daglegdagse situasjonar eller setningar eg høyrer, som eg berre fantaserer vidare på. Fantasi er det viktigaste verktøyet ein har.

Du har valt å skrive ein ungdomsroman om å vere ung i dag, sosiale media, nakenbilde på avvegar og moglege konsekvensar av det? Kvifor, og korleis?

– Rett og slett fordi eg syntest at det var spennande, og fordi eg syntest temaet var interessant – ikkje nødvendigvis nakenbildet i seg sjølv, men kva som skjer etter at eit slikt bilde blir tatt og spreidd. Dette er det SÅ mange ungdommar som opplever i dag – enten at dei sender eit slikt bilde sjølv, eller at dei får det tilsendt. Det er eit tema vi må ta på alvor, og eit tema eg trur ungdom synest er spennande å lese om. Samtidig ville eg ikkje at det skulle vere ei bok med mange moralske peikefingrar. Moralen i historia får lesaren finne litt fram til sjølv. 

Kva er dine fem beste tips for nynorsk språkdusj i ungdomsskulen i dag?

– Eg har eitt tips, med fleire punkt: Bruk populærkulturen!

Finn fram til engasjerande og gøy innhald som treffer ungdommen der dei er! NRK sitt verkeleg rikhaldige arkiv kan brukast til så mangt – berre å høyre Linda Eide sitt vossamål er jo ein fest i seg sjølv, og både episodar eller klipp frå «Typisk norsk» eller «Eides språksjov» tenker eg funkar bra til å nynorskdusje seg litt.

Elles tenker eg også at artistar som syng på dialekt som ligg nært opp mot nynorsken, kan trekkast fram i dusj-samanheng. Eg tenker spesielt på artistar som Daniel Kvammen og Stein Torleif Bjella. Ikkje berre har dei nynorsknære dialektar, dei har også sterke tekstar – Bjella sin rett-fram-absurditet trur eg kan treffe mange ungdommar.

Det ville vore merkeleg for meg å skrive tips som dette utan å nemne Frode Grytten, eg har jo allereie nemnt namnet hans. Å lese novellene hans da eg gjekk på vidaregåande, hadde enorm betydning for meg og for mi lyst til å skrive, spesielt å skrive nynorsk. Han har noko for ein kvar, den mannen! Kva med eit dikt om Steven Gerrard til guten som synest at poesi er dølt?: https://www.tv2.no/v/916509/

Eller eit av dikta som kom etter terrorhandlingane 22. juli, som ein kan lese her:
https://www.klassekampen.no/60463/article/item/null/etter--juli

Kva råd vil du gi til andre unge som ønsker å skrive?

– Sei det høgt til deg sjølv: Eg har lyst til å skrive, eg synest det er gøy. Sei det til ein lærar du stoler på. Det gjorde eg. Eg sa til norsklæraren min på vidaregåande: Eg har lyst til å bli forfattar, og derfor vil eg at du skriv ei lang tilbakemelding på stilen min neste gong vi har stil. Det fekk eg – to sider! Eg sa det også til ein annan lærar, med det resultatet at han gav meg litt lågare karakter enn eg meinte eg fortente, på ein stil. Da eg klaga til han over det, sa han at no som han visste at eg ville skrive, så måtte eg nesten heve mi eiga list høgare. Så det kan jo slå begge vegar. Men sei det til ein du stolar på, som vil gje deg ei lang og grundig tilbakemelding om du ber om det.

Så eit tips til: Ikkje vent på inspirasjon, da kan det gå lang tid mellom kvar gong. Da eg starta å skrive, hadde eg nedteljing på mobilen på 15 minutt. Eg sette på musikk eg likte, opna Word, starta nedteljinga og berre skreiv. Det var ikkje så viktig kva som kom ned, berre at det skjedde noko på skjermen. Det blei etter kvart til «Ser du dette?»!

Les omtale av boka på Nynorskbok.no