Dei nye orda – eit undervisingsopplegg om språk i endring
25.01.2022

I dette undervisingsopplegget skal elevane utforske nokre av dei nye orda i språket vårt og få ei betre forståing for språket i endring. Undervisingsopplegget tek utgangspunkt i kjerneelementet språket som system og moglegheit og passar til ungdomstrinnet.
Gjennom å utforske språket må elevane ta i bruk grammatiske omgrep for å kunne beskrive det. Elevane får lese og skrive nynorsk, samstundes som dei repeterer kva som særmerkjer nynorsk skrivemåte.