• Blogg
  • Desember – månaden for høgtlesing

Desember – månaden for høgtlesing

30.11.2021

Illustrasjon til blogginnlegg om lesing i desember til nettside

Desember månad er ein verdiladd månad som alle elevar på ein eller annan måte har eit forhold til. Difor fungerer han så godt som ei ramme rundt lesing og litterær refleksjon.

Tekst: Jorid Saure

Ein desembermorgon med tente lys, varm drikke og høgtlesing i klasserommet gir elevane ein lun og god start på dagen. Morgonar kan gjere oss ekstra mottakelege og opne, og dei fyrste skuletimane er eit fint utgangspunkt for å lytte, reflektere og samtale.

Språkleg modellering

Høgtlesing er viktig fordi det skapar eit felles møte rundt litteraturen og historiene som blir fortalde. Det å lese høgt for elevane legg også til rette for litterære refleksjonar og dialogar, og det fremjar språklege ferdigheiter hjå elevane. Når du les høgt for elevane dine, modellerer du det nynorske språket på ein god måte. Gjennom lyttinga får elevane presentert eit rikt språk som skil seg frå det daglegdagse, og det kan gje dei både betre ordtilfang og idear til korleis dei sjølv kan utforme tekstar. Ikkje minst kan høgtlesing gje elevane ei nynorsk røyst som dei kan ta med seg inn i si eiga skriving. Difor er det nødvendig at også dei store borna og ungdomane vert lesne for.

Å skape meining saman

Ved å lese høgt for elevane gjev vi dei ein felles inngang til teksten som kan gjere det lettare for dei å involvere seg i historia som blir fortald. Når elevane reflekterer eller uttrykkjer meiningane sine om teksten gjennom samtale, skjer det ein felles meiningskonstruksjon som kan utvikle tekstforståinga deira (Wenger, 1998). Ein slik samtale føreset at elevane godtek historia som vert lesen, føler tillit til læraren og opplever samtalesituasjonen som trygg (Ulland, 2016). I læreplanen i norsk står det at elevane skal lytte til og bygge på andre sine innspel og oppleve positive opplevingar i å uttrykke og utfalde seg munnleg. Å samtale om tekst opnar soleis opp for å arbeide med eksplisitt undervising i munnleg aktivitet. For korleis kan ein byggje på andre sine synspunkt, men samstundes fremje sitt eige? Høgtlesing kan danne grunnlaget for meir eller mindre strukturerte litterære samtalar som fremjar viktige munnlege ferdigheiter hjå elevane.

Det avgjerande tekstvalet

Alle som arbeider i skulen, veit kor avgjerande tekstvalet er for måten elevane engasjerer og involverer seg i timen på. Kva slags tekst som vert lesen, og ikkje minst korleis teksten vert lesen, har mykje å seie for verdien av høgtlesing. Difor er det så viktig at ein vel tekstar som har språkleg og litterær kvalitet. Vi på Nynorsksenteret har samla eit utval tips om nynorske bøker, songar og teikneseriar som handlar om jula og som kan vere fine å bruke i undervisinga.

God desember i klasserommet!

Pepar Og Gulrot Julespesial
Illustrasjon av David Revoy

Kjelder:

Kunnskapsdepartementet (2019). Læreplan i norsk (NOR01-06). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.

Ulland, G. (2016) Litteratursamtalens danningspotensial. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, volum 2(nr 3). https://doi.org/10.17585/ntpk.v2.270

Wenger, E. (1998). Communities of Practice: Learning, meaning and Identity. University Press.