• Blogg
  • Meld deg på leseaksjonen Tid for ti

Meld deg på leseaksjonen Tid for ti

22.10.2019

Tidforti2020

I januar 2020 er det klart for ein ny Tid for ti-aksjon på 7. trinn i norsk skule. No med eit fleirtal av bøker utgjevne i 2019. 

Pressemelding frå Foreningen !les 22. oktober 2019

– Det har vore fleire nyare titlar å velje mellom i år enn tidlegare. Særleg når vi i Tid for ti også inkluderer ungdomsbøker, både skjønnlitteratur og sakprosa. Men det er tydeleg noko på gang i nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Han blomstrar for tida, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Stor breidde i utvalet

På lista over bøker som er med i den nye antologien, som i januar 2020 blir send i eit opplag på 25 000 til skular og bibliotek rundt i landet, finn vi fleire titlar frå 2019. Burås Storø viser til stor breidde i utvalet. 

 – I den nye antologien er det utdrag frå romanar, teikneserie, sakprosa, dikt, illustrerte bøker og ei novelle. Elevane vil få møte fleire ulike sjangrar og tema, seier han.

 Prosjektleiaren fortel at teikneserien Pepar & Gulrot av David Revoy berre finst i digitalt format, og at fleire episodar er tilgjengelege på ei nettside for elevane som ønskjer å lese meir. 

 – Slik inspirerer papirboka elevane til å lese digitalt. Boka kan òg ha ein slik funksjon. Dette synleggjer òg samspelet mellom det analoge og digitale. Tid for ti har dessutan lydfiler til alle utdraga, så alle format er inkluderte i aksjonen.

Samarbeid med Nynorsksenteret

Til aksjonen følgjer det med ei eiga nettside, tidforti.no. Her ligg alt materiell tilgjengeleg i aksjonsperioden. 

– Eitt av måla med aksjonen er å gjere det lettare for lærarane å ta i bruk ny litteratur i skulen. Nynorsksenteret samarbeider derfor med Foreningen !les om å lage fyldige lærarressursar til aksjonen, fortel Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Finn rett bok

Ein av forfattarane som er med i den kommande Tid for ti-aksjonen, er Sunniva Relling Berg. Ho har skrive boka Polarnatt (illustrert av Bjørn Rune Lie), og trur Tid for ti er viktig for formidlinga av litteratur og for å auke leselysta blant unge lesarar.

– For å ha lyst til å lese vidare, treng ein å finne riktig bok. Då er det flott å ha utdrag frå gode og varierte tekstar, slik at elevane kan finne det som fenger nettopp dei, seier Relling Berg og legg til:   

– Det er så mange gode venner i bøker! Det er verdifullt å sjå korleis andre ser på verda, oppdage at det kan vere ulikt slik eg ser på ting – eller det motsette, at eg ikkje er åleine om å ha desse tankane og kjenslene.

Boklista

Dette er boklista til Tid for ti 2020:
Mareritt av Linn T. Sunne. Samlaget 2019.
1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk. Aschehoug 2018.
Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl. Samlaget 2019.
Blå flaggermus av Harald Nortun. Samlaget 2019.
Kamikaze av Geir Tangen. Novelle i Exit. Gyldendal 2019.
Skogen den grøne av Ruth Lillegraven. Samlaget 2018.
Pepar & GulrotPysjamasfesten av David Revoy. Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer. Revoy 2019.
Polarnatt av Sunniva Relling Berg. Illustrert av Bjørn Rune Lie. Samlaget 2019. Nattmannen av Anders Totland. Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen. Gyldendal 2019. Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle. Samlaget 2019.

Les meir på nettsida til Tid for ti: https://tidforti.no/