• Blogg
  • Ytring: Digital diskriminering

Ytring: Digital diskriminering

27.04.2018

Mg 8126

Av Torgeir Dimmen, leiar ved Nynorsksenteret

Alle skulelevar i Noreg har rett til å få læremiddel på eige språk. Det får dei ikkje. Mange nynorskelevar erfarer at den gamle kampsaka «lærebøker på begge målformer til same tid og til same pris» framleis er sørgjeleg aktuell.

No er stoda verre enn nokon gong. På alle klassetrinn – frå første til trettande – blir stadig fleire av dei tradisjonelle trykte lærebøkene bytte ut med digitale løysingar av ymse slag. Og her ser det lovfesta kravet om parallellutgåver ut til å vere ignorert i endå større grad. Produsentane av digitale læremiddel gjer som dei vil. I praksis betyr det for dei fleste at dei ikkje tilbyr nynorsk i det heile.

Noregs Mållag har nyleg publisert ein rapport som dokumenterer denne diskrimineringa. Her blir m.a. digitale læringsressursar ved fire nynorskskular kartlagde. Av 104 ulike appar, nettsider og andre læringsressursar er berre 15 tilgjengelege i nynorskversjonar.

Kven har ansvaret og kva kan gjerast?

Skuleeigarane, dvs. kommunane, har ansvaret for at elevane får læremiddel på rett målform. Altfor mange av nynorskkommunane er ikkje medvitne om dette. Det er også dokumentert i mållagsrapporten.

Kva med sentrale styresmakter? Departement og direktorat stadfestar tolkinga av opplæringslova. Parallellkravet gjeld også digitale læremiddel. Elles er det lite drahjelp å få frå den kanten. Dei peikar på at dette er skuleeigaren sitt ansvar.

Nynorsksenteret? Oppdraget vårt er å produsere gratis materiell og å drive formidlings- og kursverksemd for lærarar og lærarutdannarar. Vi veit at mange set pris på det vi tilbyr, men dette kan aldri bli meir enn tilleggsressursar.

For å sikre nynorskelevane sin sjølvsagde rett til å få same vilkår for språkopplæringa som bokmålselevane, må det sterkare lut til. Det betyr tydelege politiske vedtak på nasjonalt nivå og ikkje minst vilje frå departement og direktorat til å handheve gjeldande lover og forskrifter på dette området. Mållagsleiar Magne Aasbrenn formulerer det slik: «Stat og skuleeigar må sikra at opplæringlova er klokkeklar og at ho blir følgt. I tillegg må det koma ei stønadsordning som gjer at læremiddel på nynorsk blir utvikla.»

Tiltredes! som det heiter på sidemålet.