• Blogg
  • Ytring: Digital diskriminering

Ytring: Digital diskriminering

12.11.2020

Elevar med i Pad til nettside

Regjeringa må gjere meir for å sikre dei språklege rettane til nynorskelevane. Ei oppdatert opplæringslov er ein god start.

Tekst: Torgeir Parr Dimmen
Senterleiar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

I oktober hadde statsrådane Abid Raja (V) og Linda Hofstad Helleland (H) eit innlegg i Nettavisen der dei er uroa for at dei små språka i Noreg kan «stå i fare for å dø ut» fordi dei ikkje blir støtta av dei dei store teknologiselskapa. Dei skriv m.a. at «brukere av nynorsk og samisk møter store hindre på digitale flater, fordi mange apper og programmer rett og slett ikke støtter disse språkene».

Det er bra at statsrådane for kultur og digitalisering seier tydeleg ifrå om dette. Eg reknar med at kunnskapsministeren også deler uroa. Manglande digitale tilbod er særleg kritisk for born og ungdom som har nynorsk eller samisk som opplæringsspråk. Den digitale skulekvardagen deira er langt dårlegare enn for dei som skriv bokmål.

Samisk og nynorsk har ulik formell status som mindre brukte språk i Noreg. Nokre utfordringar er felles, men mange av dei aktuelle tiltaka for å sikre og styrke desse to språka er ulike. Eg kjenner best problema knytt til nynorsken, og har det som grunnlag vidare i denne kommentaren.

Bokmål i nynorskland

For eit par dagar sidan snakka eg med ei bestemor til ein elev på ein barneskule i det ein kan kalle det nynorske kjerneområdet. Ho hadde tilfeldigvis sett over appane på Ipaden som barnebarnet hadde fått utdelt på skulen. 30 av 32 program var på bokmål.

Dette er eit anekdotisk døme, men alt tyder på at det slett ikkje er uvanleg.

Eit kvalitetssikra samla oversyn over alle appar, læringsplattformer og programvarer som er bruk i norske klasserom finst ikkje. Men nokre avgrensa kartleggingar av nynorsktilbodet er gjennomført, m.a. av Nynorsksenteret, DigiGlu-prosjektet ved Høgskulen i Volda og nettavisa Framtida.no.

Tendensen vi ser er eintydig: Mange av dei beste og mest brukte læringsressursane finst berre på bokmål. På mange maskinar manglar retteprogram og talesyntese tilpassa nynorsk. Og der dei finst, treng elevar og/eller lærarar detaljert kunnskap om korleis ein kan endre standardoppsettet på maskinane frå bokmål til nynorsk.

Torgeir Stort
Torgeir Parr Dimmen er senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Lokal styring

Innkjøp av maskinvare med tilhøyrande innhald er i dag delegert til dei lokale skuleeigarane. Kva digitale ressursar som faktisk blir nytta i undervisinga, blir bestemt frå dag til dag av kvar einskild lærar.

Slik bør det vere, men noko må gjerast for å sikre at skuleeigarane i nynorskområde får tilgang til og vel løysingar som gir tilfredsstillande kvalitet på det digitale tilbodet til eigne elevar.

Når vi spør nynorskkommunane kvifor dette ikkje er høgare prioritert, er svaret gjerne todelt: Vi må halde oss innanfor tronge budsjettrammer og tilby dei mest etterspurde læringsressursane. Økonomi og valfridom trumfar dermed elevane sin rett til eit likeverdig språkleg læringsmiljø. Då endar det lett med innkjøp av både maskinvare og appar med dårleg eller manglande nynorsktilbod.

Større offentleg merksemd om saka og litt fleire nynorskbevisste skuleeigarar og rektorar vil kanskje hjelpe litt på stoda, men det må tyngre skyts til for å få til varig endring.

Kamp mot kjempene

Tittelen på innlegget til statsrådane Raja og Helleland er «Teknologigantene må ta mer språkansvar», og dei skisserer såkalla offentleg-privat samarbeid som måten å gjere det på. Dei viser til at staten alt i 2010 etablerte ein språkbank i Nasjonalbiblioteket og at arbeidet med denne basen er trappa opp dei siste åra. I samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Språkrådet skal denne vere grunnlag for å utvikle språkteknologi for alle dei norske språka, inkludert samisk og nynorsk.

Stadig større språkbasar og stadig meir avansert teknologi kan nyttast til å utvikle nye digitale verktøy for små språk. Det er flott, og det må vi bruke for å ta vare på og forsterke det norske språkmangfaldet. Spørsmålet er berre kor viljuge dei private teknologikjempene er til å levere det vi treng.

Hjå Microsoft, Apple og andre store aktørar på den digitale markanden er det marknadskreftene og (dei store) pengane som rår. Å lage parallellversjonar på små språk som nynorsk og samisk blir neppe prioritert, sjølv om det skulle kome eit krav om dette frå målmedvitne oppvekstsjefar i Volda, Valdres og Voss. Eller Kautokeino.

Språklov og opplæringslov

Stortinget skal snart vedta både ny opplæringslov og ei ny språklov. Begge lovene framhevar verdien av det språklege mangfaldet i Noreg. Dei inneheld gode målsetjingar om at styresmaktene skal legge til rette for at born og unge i alle deler av landet både skal møte eige språk og få ei mest mogleg likeverdig språkopplæring.

For å nå dette målet treng skuleeigarar, rektorar og lærarar meir draghjelp frå sentralt hald enn det dei får i dag.

Nokre få støtteordningar for produksjon av parallellutgåver av læringsressursar er etablert. Det monnar lite. Eit langt viktigare tiltak er å gjere noko med definisjonen av «læremiddel» i den nye opplæringslova. I høyringsutkastet er det foreslått å halde på formuleringa i gjeldande lov (frå 1998) og forskrift (frå 2000). Den er både upresis og utdatert, og gjer at læringsplattformer og appar i praksis fell utanfor definisjonen av læremiddel. Desse reiskapane – som opplagt blir «brukte jamleg i bruk og dekkjer vesentlege deler av læreplanen» – vert dermed ikkje omfatta av kravet om parallellversjonar.

Slik Ipadar og nettbrett blir brukt i skulen i dag, er dette heilt urimeleg.

Her ligg det til rette for at regjeringa og Stortinget verkeleg kan gjere noko for å setje makt bak kravet om at teknologigigantane må ta meir språkansvar.