• Blogg
  • Ein god start med nynorsk

Ein god start med nynorsk

20.10.2021

Nyno klasserom 16 9 med bobler til nettside

Korleis kan elevar med bokmål som hovudmål få eit godt møte med nynorsk? Kompetansehevingspakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk er no pussa opp og justert til den nye læreplanen.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

Språkløyper inneheld kompetansehevingspakkar som lærarar og andre kan gjennomføre på arbeidsplassen når det passar for dei. Ein av desse pakkane, Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk, er no pussa opp og justert til den nye læreplanen. Progresjonen er framleis den same: å starte med å snakke saman om språk, lese og bli lesen for på nynorsk, og deretter skrive sjølv.

LK 20 legg opp til at elevane på 1. og 2. trinn skal bli lesne for både på bokmål og nynorsk. Frå 3. trinn skal elevane lese sjølve på sidemålet, men også utforske forskjellar i skriving mellom hovudmålet og sidemålet. Nytt i denne læreplanen er at elevane skal prøve å skrive eigne sidemålstekstar allereie frå 4. trinn, medan dei tidlegare skulle starte med skrivinga på 5. trinn. I Kunnskapsløftet var målet formulert som «eksperimentere med skriving», medan elevane no skal «prøve ut skriving» etter Fagfornyinga.

Det er fint å arbeide med lesing og skriving på nynorsk på 4.–7. trinn knytt til dei tverrfaglege temaa, dei grunnleggande ferdigheitene og den overordna delen av læreplanen. Læreplanen føreset at bokmålselevane har fått systematisk og grundig opplæring i og på nynorsk før dei tek til på ungdomsskulen. Ei opplæring bygt på progresjonen i LK 20, som vist i denne språkløypepakken, sikrar at elevane får eit godt grunnlag før ungdomsskulen, både når det gjeld kompetanse og haldningar.

Snakk saman om språklege erfaringar

Språkløypepakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk har fått eit nytt fagleg innlegg om det å snakke saman om språklege erfaringar. Det tek utgangspunkt i Hilde Traavik sitt foredrag med same tema, men er no tilpassa LK 20. Filmen er seks minutt lang og passar godt som eit innlegg i fellesmøtetida. I den første økta finn de også ein teikneserie, Superheltar av Kristoffer Lindseth, med eit tilhøyrande undervisingsopplegg. Det er gratis å skrive ut opplegga i Språkløyper og bruke dei i klasserommet.

Åtte tips til nynorske bøker

I tillegg til nye fagartiklar om læreplanen av Hjalmar Eiksund og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ligg det også ute ein ny bokpresentasjonsfilm i den tredje økta i pakken, Åtte tips til nynorske bøker for 5.–7. trinn. Denne er retta mot lærarar og andre vaksne i skulen, og det er nyttig å bruke ti minutt av fellesmøtetida til ei oppdatering på nynorsk barnelitteratur.