Ein ny generasjon kartleggingsprøver
21.08.2023
Dei nye kartleggingsprøvene i lesing er utvikla for å vere motiverande å gjennomføre og for å gi læraren nøyaktig informasjon om kva elevar som strevar, treng oppfølging på.
Tekst: Anne Marta V. Vadstein og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Prøvene er utvikla av Lesesenteret på oppdrag av Udir, med Nynorsksenteret som ein del av arbeidsgruppa. Medan prøvene for nynorskelevane tidlegare var omsette frå bokmål, er dei nye prøvene utvikla parallelt på begge skriftspråka.
For 3. trinn er prøva obligatorisk, og for 1. trinn er prøva valfri, men det er anbefalt å gjennomføre ho. Kartleggingsprøva gir viktig informasjon om dei elevane som treng ekstra oppfølging for å bli gode lesarar. Oppgåvene er tematiserte i ordlesing, tekst- og setningslesing, staving og språkforståing, som til saman gir informasjon om leseflyten til elevane. I oppfølginga etter prøva er det svært viktig å ikkje øve på delferdigheiter separat, men inkludert i lesinga som heilskap. Å kunne lese med flyt handlar om meir enn å kunne lese utan å stoppe opp. Det handlar om å forstå det ein les. I oppfølgingsarbeidet er det lagt vekt på korleis læraren kan hjelpe elevane til å få auka leseflyt. I «Bruer inn i teksten»-opplegget er dette vist gjennom døme frå klasserommet og ulike kort som læraren kan bruke direkte saman med elevane.
Ein viktig føresetnad for kartleggingsprøvene i lesing er at dei berre skal identifisere dei elevane som skårar lågast. Ofte har læraren på førehand kunnskap om kven desse elevane er, men prøva kan hjelpe læraren å sjå kvar dei treng ekstra støtte i leseutviklinga. Dei digitale prøvene er laga slik at dei skal ta kortare tid å gjennomføre, særleg med tanke på at elevar som strevar, skal sleppe å sitje lenge med for vanskelege oppgåver. Det er likevel slik at dette er første generasjon digitale prøver, og også desse har rom for utvikling vidare. Prøva har potensial til å bli endå kortare og meir adaptiv i neste runde, men tilbakemeldingane frå lærarar og elevar viser at ho er på rett veg. Elevane som har gjennomført prøva, seier at dei likte godt mellom anna å skulle hjelpe ein gut å skrive ønskeliste, eller å skulle klikke på ordet dei høyrde opplese, i ein illustrasjon.
Det er viktig å utvikle leseprøver parallelt på nynorsk og bokmål fordi det er ulike utfordringar knytte til å vere brukar av kvart av skriftspråka. Ikkje alle oppgåver som blir utvikla på bokmål, gir same prøveresultat om ein omset orda direkte til nynorsk. På den andre sida er det nynorskspesifikke ord og særdrag som er relevante å inkludere i ei prøve for nynorskelevar. Den største utfordringa i arbeidet med nynorskversjonen av kartleggingsprøva har vore å finne ord og oppgåver som er på same vanskenivå som i bokmålsprøva, og ord som elevane har møtt tilsvarande mange gonger tidlegare. Dei førebelse resultata av prøva på 3. trinn viser at det er grunnlag for meir forsking rundt kva tekstar og ord nynorskelevane møter fram til dei er 8 år, og korleis dette verkar inn på leseutviklinga deira. Dette handlar om at nynorskelevane møter færre tekstar på hovudmålet sitt enn bokmålselevane gjer. I kartleggingsprøva har vi derfor styrt unna ord som også nynorskelevane mest truleg berre har møtt i bokmålsform, til dømes enhjørning/einhyrning, fordi kartleggingsprøva ikkje skal måle nynorsk rettskriving, men leseforståing.
Etter gjennomføringa av prøvene er det viktig å kome raskt i gang med oppfølgingsarbeidet. Ved å setje inn tiltak tidleg kan ein hjelpe elevar som strevar, til å få normal leseutvikling. På nynorsksenteret.no og lesesenteret.no finn du lærarressursar knytte til oppfølgingsarbeidet etter kartleggingsprøvene i lesing.