• Blogg
  • Ytring: Eit gammalt ord

Ytring: Eit gammalt ord

24.02.2020

Vidar Parr Til Nettside

An-be-het-else-orda skal ikkje nyttast i nynorsk. Det er regelen eg har lært, og etter fattig evne etterlever, i alle fall eit stykke på veg.  

Tekst og foto: Vidar Parr, tidlegare redaktør i Synste Møre.
Denne teksten stod først på trykk i lokalavisa. 

Det gjeld altså ord som startar på an- eller be, eller sluttar på het- eller -else. Mange slike ord lever likevel godt i daglegspråket vårt anten ein heldt seg til den eine eller andre målforma. Dei fleste av oss seier vel «betennelse» til dømes – og skriv det også. Dei færraste blir vel og liggande nattevak av den grunn, sjølv om det er synd – til å med dobbel synd – mot regelen. I praktisk språkbruk handlar det helst om å finne gode, norske ord i staden for an-be-het-else-orda, men utan at det skal utarte på ein måte som verkar påteken eller oppkonstruert.

Fleire av desse orda kom forresten inn i språket vårt den gongen vi var underlagde den danske krona. Og for dei som har lært tysk, er både føre- og etterstavingane godt kjende.

Dei har altså vore her ei stund, mange av dei. Og ord blir – som folk – gamle. Nokre av dei glir ut av daglegtalen, somme til og med nærast ut av tida.  Eit slikt ord er «bestandig». Eg brukar det svært sjeldan i tale, og så godt som aldri i skrift.

Likevel er det eit ord eg absolutt har eit forhold til. Bestemor mi brukte ordet. Det gjorde mor mi også. I spesielle situasjonar, når ho skulle fortelje om korleis noko vart gjort før. Til dømes kunne ho seie: «Mamma strauk bestandig dukane på denne måten». Eller: «Han hadde bestandig hatt på seg». Det naturlege ville vere å seie «alltid», tenkjer eg. Og det var også ordet ho brukte elles. Men ikkje når ho fortalde – då sa ho «bestandig».

Ordet tyder altså alltid, heile tida. Men det kan også brukast som adjektiv og då tyde noko slikt som vedvarande, stadig, noko som står fast. I eit oppslagsverk eg var innom på nettet då eg pusla med denne teksten, fann eg eit sitat frå Eilert Sundt (1817-75): Det eneste be-standige i de menneskelige ting er ubestandighed.

Sundt-sitatet er henta frå ei bok om giftarmål i Noreg, noko eg skal la vere å trekkje konklusjonar av. Eg vel i staden å leike litt med tanken om ein moderne Eilert Sundt som heldt foredrag til næringslivsfolk og politikarar. Det ville ikkje vere usannsynleg at han avslutta økta før lunsj med følgjande spissformulering: «Det einaste sikre i framtida er stadig endring». Orda er ulike - men innhaldet er vel mykje godt det same?

Men tilbake til ordet bestandig. Det spesielle for meg er at dei to tydingane flyt saman. Dette at minst to generasjonar av mine formødre nytta ordet på same måte i særskilde samanhengar, viser at det trass alt er – ja, nettopp – bestandig. Det har tolt tida si elles så nådelause tann og stirrig overlevt den språklege moderniseringa. Ordet går der som ein hest mellom traktorane, som ein faks mellom e-breva. Umoderne – ja visst. Men ærverdig som ei gammal grevinne som i sine gammalmodige og svakt møllkuleluktande gevant ber med seg eit kjært minne, om det er aldri så språkleg utdatert og i strid med allmenne rettskrivingsreglar.

Og eg kjenner at eg, med ei blanding av vemod og djup glede, vil ha med meg dette ordet – bestandig.