• Blogg
  • Faktabøker for born

Faktabøker for born

05.10.2018

Faktabok

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein 

Det som er sant, engasjerer lesarane. Livet til mauren, dinosaurar som ein gong vandra på jorda, oppfinningar, mat, klede, jorda vår og kjende personar er berre nokre av temaa i faktalitteraturen for born. Illustrasjonane spelar ei viktig rolle i å inspirere til lesing, og mange av faktabøkene har eit rikt biletuttrykk som støttar opp under teksten. Dei nynorske faktabøkene er visuelt sett milevis frå det gammaldagse leksikonet. Innhaldet skal likevel vere fagleg korrekt, så ein skuleelev kan stole på at det stemmer. Faktabøkene er glimrande utgangspunkt for skuleoppgåver så vel som fritidslesing. Teksten, språket og det visuelle spelar på lag, og gjev gode utgangspunkt for samtale om innhaldet i boka.

På Nynorskbok.no finn de tips om aktuelle faktabøker for born, sorterte etter alderssteg: