• Blogg
  • Fem bøker med tøffe jenter

Fem bøker med tøffe jenter

05.03.2026

Nye bøker til kvinnedagen endeleg versjon komprimert til nettside

I samband med kvinnedagen 8. mars ønsker vi å løfte fram fem bøker som har tøffe jenter i hovudrollene. 

«Både gutar og jenter treng førebilete som er hovudpersonar i eige liv. Vi treng å høyre historiene om dei sjølvstendige og sterke kvinnene, å bli inspirerte og å utvide horisonten vår om kva kvinner kan få til.»

Dette skreiv Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nynorsksenteret i samband med kvinnedagen for ein del år sidan, men det er framleis like aktuelt. Det finst mange måtar å markere kvinnedagen på. Éin av dei kan vere å lese og samtale om ei av dei tøffe og kreative jentene du finn i desse bøkene: 

Lucy klarer alt

Lucy klarer alt

Lucy er ei kreativ jente som klarer alt. I denne boka har ho lyst til å bli sirkusdirektør, men korleis skal ho klare det når ho ikkje har sirkusartistar? Lucy får ein strålande ide: Kva om sirkusartistane hennar er kjempesmå? Lucy klarer alt er første bok i ein ny biletbokserie for dei yngste lesarane. Ho inneheld fargerike og detaljrike illustrasjonar som ein kan snakke om i fellesskap. Det visuelle uttrykket i boka hentar inspirasjon frå både teikneserie- og biletboktradisjonane. Boka inneheld ein viktig bodskap: Du kan klare alt du vil!

Tone

Tone!

Tone er fem år og elskar å vere saman med storebror Daniel. Dei to søskena har det så kjekt saman, heilt til Daniel får besøk av veninna Ingeborg. Då får ikkje Tone vere med lenger. Daniel og Ingeborg vil øve på kornettane sine utan å bli forstyrra av Tone. Daniel seier at Tone er for lita til å bli med på korpsøving. Tone synest det er urettferdig. Neste gong det er korpsøving, får Tone vere med likevel fordi foreldra skal i møte. Tone finn sin eigen arena der ho kan blomstre. 

Stripe
Jenny Fender 768x1211

Jenny Fender

Likar du røffe gitar-riff, svarte T-skjorter og rock and roll? Lyttar du til høg musikk og prøver å få til ein kul sveis? Veit du kanskje kva ein Fendergitar er? Det gjer i alle fall Jenny Fender, ein alt anna enn roleg og forsiktig sjetteklassing. På bussen heim frå leirskule viser ho heile klassa kor tøff ho er, saman med besteveninna Signe Casio. Heidi Marie Vestrheim har skrive ei lettlesen og fengande bok om rockejenter utanfor allfarveg. På mange måtar er dette ei såkalla «coming of age»-bok, der jentene står på terskelen mellom barndom og ungdom, og ting som var så sjølvsagde som barn, er ikkje alltid like sjølvsagde som ungdom. Og korleis skal ein greie å vere ein god besteven når ting skjer og nye kjensler lever sitt eige liv?  

Over mitt lik

Over mitt lik

Astrid og familien har nyleg flytta til Bergen. Mora er sengeliggande. Faren er nattevakt i Ghostbnb, eit firma som leiger ut heimsøkte hus til turistar. 12-åringen Astrid og veslebroren Even får bli med faren på oppdrag.  

Det finst ein viktig regel: Ein skal aldri kommunisere direkte med spøkelsa. Astrid bryt denne regelen. Etter kvart dukkar det opp spøkelse fleire stader. Kva ønsker dei å fortelje til Astrid?  

I denne boka er det Astrid som er hovudpersonen. I starten er ho ein anonym elev i den nye klassen, men etter kvart får Astrid vise at ho både er tøff og uredd. 

 

Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdal

Klassikaren til Maria Parr om Tonje Glimmerdal har ein naturleg plass på denne lista. Tonje Glimmerdal er det einaste barnet i Glimmerdalen. Bestevenen hennar er ein gammal staur som heiter Gunnvald. Han er 74 år og sauebonde. Ramma for forteljinga er det som hender i Glimmerdalen frå vinterferien til påskeferien det året då Tonje snart skal fylle ti år. Det skal testast heimesmidde rattkjelkar, takast salto frå Vardetinden, lamma skal komme og Gladiator må flyttast opp i sommarfjøsen. Her trengst det fart og sjølvtillit! Men det skal også komme eit brev om noko hemmeleg, noko stort som trugar med å øydeleggje det gode livet i Glimmerdalen for alltid. Om det ikkje var for Glimmerdalens vesle dunder.