• Blogg
  • Ferda til Boktopia gav leselyst

Ferda til Boktopia gav leselyst

27.05.2024

Hovudbilete frå Eikanger skule beskjært og komprimert til nettside

Lærar Kristine Sæverud Eidsnes saman med Mathilde og Matheo. 

Lærar Kristine Sæverud Eidsnes og 4. klasse ved Eikanger skule har gjennomført leseaksjonen Ferda til Boktopia. – Det var veldig gøy, seier elevane.    

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Eikanger skule

Nynorsksenteret har laga ein leseaksjon som tek utgangspunkt i ei reise til det ukjende landet Boktopia. Tanken er at bøkene som elevane les, vert omforma til vind som driv eit skip framover langs kysten til eit fantasiland, Boktopia. Det er fire stopp i dette landet. På desse stoppa vert det høgtlesing og aktivitetar. Elevane får eit eige kart som dei må fylgje, og dei kan merke av kvar dei kjem. 
– Det var veldig gøy! Vi fekk lese i eigne bøker, seier Matheo (10). 
– Læraren vår, Kristine, laga forskjellige krokar der vi kunne sitte og lese i klasserommet, seier Mathilde (9). 

Bokkasser i klasserommet komprimert til nettside
Det er viktig å ha rikeleg med bøker.
Lesekrok til nettside
Puter og lyslenke er fint å ha i lesekroken.
Stripe

Leseaksjon med eigen vri

I april gjennomførte 4. klasse ved Eikanger skule Ferda til Boktopia, med sin eigen vri. Dei tok utgangspunkt i kartet og dikta opp ein kaptein, Eira Stormfjord, som vart spelt av læraren. Kapteinen reiste med mannskapet sitt på eit lånt skip som heitte «Vindens skugge». Læraren og elevane har kome med boktips, dikta opp nye gjenstandar, laga magiske forteljingar og vesen. Dei har teke seg god tid til lesing, både høgt i klassen, for kvarandre og individuelt. Elevane fekk 1 xp (poeng) per side dei las, og fann gjenstandar rundt om i Boktopia. Læraren skreiv ut gjenstandane på førehand, og laminerte dei slik at dei kan brukast fleire gongar.

– Det var svært motiverande for elevane å få gjenstandane når dei hadde samla ei viss mengd xp. Elevane fekk henge opp alle gjenstandane slik at alle kunne sjå kor mange vi fekk i klassen. Dette var eit klasseprosjekt, fortel lærar Kristine Sæverud Eidsnes. 

Dei brukte KI (kunstig intelligens) til å generere bilete av gjenstandane dei fann og til å lage meir bakgrunnshistorie. Elevane har skriveverkstad ein dag i veka, her fekk dei dikte og skrive vidare sjølve. 

Strandfest til nettside
Leseaksjonen vart avslutta med strandfest i klasserommet.

Gjennomføring

Leseaksjonen gjekk over fire veker. Elevane las både på skulen og heime. Kvar måndag avduka dei ein ny plass på kartet med mange bøker som passa til emnet. Læraren la bøker under ein duk. På toppen av duken laga ho ei utstilling som gav hint til kva bøkene under duken handla om. I slutten av kvar veke rekna dei saman xp for heile klassen. Prosjektet vart avslutta med ein strandfest i klasserommet. 

– Dette var eit utruleg kjekt opplegg som utvikla seg etter kvart og på elevane sitt initiativ, seier Eidsnes. 

Klassen på 14 elevar fekk 36 143 xp på fire veker. Læraren kunne tilpasse xp-skalaen til elevane sine lesenivå. For nokre av bøkene fekk elevane dobbel xp. Det gjorde at nokre elevar valde bøker med meir tekst enn dei vanlegvis ville ha gjort. Andre elevar fekk dobbel xp for å lese boka høgt for ein vaksen. Til saman har fjerdeklassingane lese tusenvis av sider på fire veker. 

– Leseaksjonen fungerte godt både for elevar som har lese lite tidlegare, og for dei som har lese mykje tidlegare, seier Eidsnes. 

Kristine Eidsnes synest Ferda til Boktopia med kart, plakatar og gode bokanbefalingar til ulike emne gav eit godt utgangspunkt til å gjennomføre ein leseaksjon i klassen. 

– Det gav meg moglegheit til å finne gode nynorskbøker, leite fram på skulebiblioteket og bestille på det lokale biblioteket, seier ho. Dei brukte òg nynorskbok.no til å finne bøker.

Ho ønsker å gjennomføre aksjonen med fleire klasser seinare, og anbefaler aksjonen vidare til andre lærarar i barneskulen. 

– Det var enkelt for meg å tilpasse til kvar enkelt elev. Eg hadde bøker tilgjengeleg som passa til alle, seier Kristine. 

To barn som les i bøker komprimert til nettside
Mathilde og Matheo trur at barn får lyst til å lese meir når dei er med på ein slik leseaksjon.

Leselyst

Både Mathilde og Matheo trur at barn får lyst til å lese meir når dei er med på ein slik leseaksjon. Dei fekk lese mange bøker om ulike tema. 

– Eg liker bøker om litt skumle ting, seier Mathilde.

– Det er gøy å prøve seg på bøker som har mange sider i, synest Matheo som har lese ei bok med 600 sider. 

Dei to elevane trur poenga som dei fekk undervegs i leseaksjonen, var viktige for motivasjonen. 

– Då har ein noko å sjå fram til. Viss ein har bestemt seg for ein ting som ein vil ha, så les ein litt lenger for å få han, forklarer Mathilde. 

Elevane delte både bøker og boktips med kvarandre, og det oppstod ein fin fellesskap i klassen. 

– Ein kunne spørje: Blir du med bort til den kroken for å lese? Og så sat vi der og las saman. Eg trur det hjelper litt på fellesskapen også, seier Mathilde. 

– I byrjinga var poenga viktige for mange, men etter kvart las dei fordi dei fann glede i sjølve lesinga, legg lærar Kristine til. 

– Måla var at vi skulle bli flinkare å lese, at vi skulle ha det gøy når vi las, og finne litteratur som passa, seier lærar Kristine Sæverud Eidsnes ved Eikanger skule.

Tips frå læraren

  • Sett av nok tid til å lese, minst ein time dagleg.
  • Ha rikeleg med litteratur tilgjengeleg. Lån på bibliotek og skulebibliotek, og få elevane til å ta med bøker dei liker heimanfrå.
  • Følg elevane sine initiativ for å gi dei eigarskap til prosjektet.
  • Nokre elevar vel kanskje bøker under evne i byrjinga, for å få mange sider. Dette ordnar seg etter kvart. Når dei er i gang og er motiverte, så landar dei på riktig nivå. 
  • Ved å bruke «poeng» kunne eg påverke einskildelevar til å velje noko meir utfordrande ved å doble sidepoenga, og eg kunne gi poeng til både lesar og lyttar om dei las høgt for kvarandre. Det blei enkelt å tilpasse til den enkelte.
  • Første gjenstand fekk dei på relativt få poeng, slik at det vart ein pangstart. Så kunne ein ha større intervall mellom kvar gjenstand. Det gjekk fortare enn eg forventa, og dei las meir enn forventa, så eg og elevane måtte dikte nye gjenstandar etter kvart. Då fekk dei vere med på å velje intervall.
  • Det er mykje arbeid å setje i gang, men når ein er i gang, så får ein tid til å gå rundt, snakke med elevane, vere interessert og tilpasse til den enkelte.
Boktopia kvadrat
Ferda til Boktopia – leseaksjonar i barneskulen

Denne idébanken kan gje idéar og vere til hjelp når du skal planlegge leseaksjonar. Nedst i ressursen finn du eit døme på ein ferdig leseaksjon: Ferda til Boktopia.