• Blogg
  • Fersk forsking på timeplanen

Fersk forsking på timeplanen

20.11.2018

Noles

Fersk forsking på timeplanen

Korleis held dei tilsette ved lærarutdanningane seg oppdaterte på siste nytt innan skuleforsking? Eitt av svara er at dei møtest i faglege nettverk og lærer av kvarandre. NOLES er eit slikt nettverk der dei grunnleggande ferdigheitene i lesing, skriving og munnleg er tema.

Tekst: Hjalmar Eiksund

To gonger i året møtest representantar frå alle lærarutdanningsinstitusjonane for å drive erfaringsutveksling omkring opplæring i lesing, skriving og munnleg bruk av språket. Dei som inviterer er, Nynorsksenteret, Lesesenteret og Skrivesenteret, og kva har desse tre til felles? Alle tre er nasjonale senter med eit særskilt ansvar for lese- og skriveopplæringa i skulen. Gjennom NOLES-nettverket blir lærarar frå alle høgskulane og universiteta i Noreg samla til kunnskapsutvikling og erfaringsutveksling kring dei grunnleggande språklege ferdigheitene. Nettverket vart i si tid oppretta av Utdanningsdirektoratet. Mandatet var å bidra til at lærarutdanningane i Noreg får eit felles syn på korleis ein på best mogleg måte kan arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene.

Dei grunnleggande ferdigheitene i lesing, skriving og munnleg er tverrfaglege ferdigheiter. Dette viser att i samansetjinga av deltakarar. Her er både pedagogar og norsklærarar, kjemikarar og religionsvitarar samla for å dele erfaringar om korleis dei best kan fremje grunnleggande ferdigheiter innanfor sine fagfelt. Mellom samlingane har NOLES-kontaktane i oppgåve å dele erfaringar og fange opp spørsmål til neste NOLES-samling.

Sist samling gjekk over to dagar i oktober og var lagd til Gardermoen. Temaet var forsking på literacy-praksisar, og første dagen omhandla to norske forskingsprosjekt i startgropa (DigiHand og FUS). Andre dagen fekk deltakarane innsyn i resultata frå eit avslutta dansk prosjekt (READ).

DigiHand ser nærmare på kva som skjer med handskrifta til skulebarn når skulane tek til å bruke nettbrett og datamaskiner i lese- og skriveopplæringa. Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Universitetet i Stavanger, og det blei presentert av Wenke Mork Rogne og Siv M. Gamlem. Bakgrunnen for prosjektet er skriving og bruk av digitale verktøy. Begge er grunnleggande ferdigheiter som er omtalte i Kunnskapsløftet, men det er ikkje spesifisert korleis og i kor stort omfang dei to ferdigheitene skal bli brukte. Med dagens teknologiske utvikling kan til dømes digitale verktøy med hell takast inn i skriveopplæringa. Det er likevel ein stor fare for at norske skular utviklar ulike praksisar for korleis digitale verktøy vert tekne i bruk. Nokon held på at barna først skal lære å skrive for hand, andre kombinerer handskrift og dataskjerm, medan andre legg bort papiret og tek all skriveopplæringa på skjermen. DigiHand har som mål å undersøkje korleis handskrifta til elevane utviklar seg under ulike vilkår. Dette vert gjort i samarbeid med elevar og lærarar frå 32 skular frå fire vestlandsfylke. Prosjektet er allereie i gang og tek sikte på å vere avslutta sommaren 2021.

FUS står for Funksjonell skriveundervisning i dei første skuleåra, og er som namnet seier, eit forskings- og utviklingsprosjekt om skriveundervisning på 1. og 2. årstrinn. Prosjektet, som er initiert og drive fram av NTNU og Skrivesenteret, blei presentert av Gustaf B. Skar, Lennart. J. Jølle og Arne Johannes Aasen. Bakgrunnen for prosjektet er det nye pålegget til norske skular om å tilby hjelp til elevar som heng etter i undervisninga. Ifølgje FUS manglar det ein eintydig definisjon på kva det vil seie å «henge etter», noko som gjer at norske skular fort kan handsame dette pålegget på ein sprikande og tidvis lite funksjonell måte. Dette ønskjer prosjektgruppa å gjere noko med, og gjennom pretestar, ein intervensjon og posttestar, håper dei å kome nærmare eit svar på korleis ein kan fange opp dei elevane som treng ekstra oppfølging. Prosjektet er i startgropa, men byrjar for fullt sommaren 2019 med mål om å vere ferdig våren 2023.

READ er i utgangspunktet ein serie samarbeidsprosjekt, som alle tek for seg avkoding og tekstforståing blant danske barn i barnehage og småskulealder. READ er drive av TrygFondens Børneforskningscenter ved Aarhus universitet, og blei presentert for NOLES-nettverket av senterleiaren Simon Calmar Andersen. READ starta opp som eit koffertprosjekt (2009-2011), der barnehagebarn med dansk som andrespråk fekk utdelt ein liten koffert med kjende og kjære danske barnebøker, omsett til førstespråket sitt. På denne måten fekk foreldre og barn kjennskap til historiene før dei møtte dei same bøkene med dansk tekst i barnehagen. Koffertprosjektet viste seg å ha stor effekt på barna sine leseferdigheiter. Dette omfatta alle delar av lesinga deira, både språkforståing, avkoding og tekstforståing. Dei hadde store framsteg samanlikna med kontrollgruppa av innvandrarbarn utan same tilbod.

READ er seinare utvida med Sammen om læsning (2013-2016) der dei positive funna om foreldreinvolvering frå koffertprosjektet blei prøvd ut blant 3000 barn på 2. og 3. trinn i Aarhus. Begge desse prosjekta hadde positiv effekt på leseferdigheitene til barna. Det vart difor sett i gang eit implementeringsprosjekt (2016-2017) der 7800 barn frå heile Danmark fekk ei tilsvarande oppfølging. Forsøket vart utvida til også å gjelde barnehagebarn med ikkje-innvandrarbakgrunn (2017). Gjennomgangstemaet for prosjekta er foreldreinvolvering i leseopplæringa til alle barn, og gjennom READ har forskarane tydeleg dokumentert at dette har stor effekt på lese- og skriveferdigheitene til alle barn.

Neste NOLES-samling er lagd til Schæffergården utanfor København. Då skal medlemmene i nettverket presentere eigne forskingsprosjekt for kvarandre på konferansen.

Ekstra lenke: Presentasjonar frå NOLES-samlingar.



Noles
SAMARBEID: Frå venstre: Hjalmar Eiksund frå Nynorsksenteret, Hildegunn Støle frå Lesesenteret og Trygve Kvithyld frå Skrivesenteret.