• Blogg
  • Film førte til rekorddeltaking

Film førte til rekorddeltaking

26.08.2021

Sommarles til nettside

Superbibliotekarane er heltane i filmen «Kampen om Sommarles». Nede frå venstre: Super-Randi, Power-Barb, Lilly Firedragon og Bjørginator. Oppe til venstre ser vi Hyper-Hege.

Tysvær bibliotek laga ein film for å få fleire barn til å melde seg på Sommarles. Filmen har over 114 800 visningar på TikTok.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Illustrasjon: Erlend Bjelland / Absurd film

– Vi satsar veldig på Sommarles fordi det er ein viktig lesekampanje for barn. Vi ønskjer at barn skal bli glade i å lese. Vi har hatt gode deltakartal tidlegare, men gjennom filmen har vi fått med endå fleire barn, seier Lillian E. Rushfeldt som er biblioteksjef i Tysvær kommune.

Denne sommaren har heile 84,2 prosent av skulebarna i kommunen vore med på Sommarles. Rogaland fylke har ein deltakingsprosent på 50, medan landsgjennomsnittet ligg på 36,7 prosent.

Nasjonal lesekampanje

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje for elevar på 1.–7. trinn. Kvart år byrjar kampanjen 1. juni og varer til 31. august. Målet er at barna skal lese så mykje dei vil i løpet av denne perioden. Barna registrerer det dei les, på sin eigen konto på Sommarles.no. Etter kvart som dei går opp i level (nivå), kan dei hente fine premiar på biblioteket.

– Eg trur det viktigaste er å få til eit godt samarbeid med skulane. Bibliotekarane kan til dømes reise rundt på skulane og informere om Sommarles. Lærarane kan sende ut informasjon til foreldra, seier Rushfeldt.

I tillegg tipsar ho andre bibliotek om å vise fram premiane til dømes gjennom nettsida til biblioteket eller i sosiale medium.

Om filmen

I år bestemte Tysvær bibliotek seg for å gjere noko ekstra i samband med Sommarles.

– Vi ønskte å lage ein film som var morosam for både foreldre og barn, seier Rushfeldt.

Biblioteket fekk midlar frå fylkeskommunen og andre aktørar for å kunne gjennomføre prosjektet som ein del av BlirBra-festivalen i Tysvær kommune. Filmen vart laga i samarbeid med Absurd film. Det er Erlend Bjelland som står bak idé, manus, filming og redigering.

Superheltar

Ein person prøver å stele alle Sommarles-premiane, og bibliotekarane spelar superheltar i filmen.

– Vi syntest det var gøy å spele inn filmen og gjere noko heilt anna enn det vi vanlegvis gjer. Det var spennande å sjå kor mykje tid som går til innspeling til ein filmsnutt som varer i berre 2-3 minutt. Ingen av oss har noko som helst erfaring med film eller skodespel frå før, men det var kjempegøy, seier Lillian E. Rushfeldt.

Filmen er inspirert av Star Wars, og mot slutten vert dei fleste overraska når musikar Jørn Hoel dukkar opp.

– Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå folk i heile landet. Det er mange som har sett og delt filmen i sosiale medium, det gjeld både privatpersonar og andre bibliotek, seier Rushfeldt.

No har filmen over 114 800 visningar på TikTok, og det er rundt 50 000 som har sett han på Facebook. Filmen vart vist på skulane i Tysvær kommune før ferien. I tillegg har filmen rulla på storskjerm i biblioteket og blitt vist som reklame på kinoen i Tysvær gjennom heile sommaren. Dei tøffe kostyma vart sydde av gardinstoff.

– Det har vore mange barn innom biblioteket for å låne bøker i sommar. Nokre lurte på kvifor vi ikkje hadde på oss superhelt-kostyme til vanleg, smiler biblioteksjefen.