• Blogg
  • Ytring: Flautt er det!

Ytring: Flautt er det!

10.05.2019

Sølve Selstø

Fysikkprofessor Sølve Selstø synest det er flautt at mange høgskular og universitet ikkje klarer å tilby eksamensoppgåver på nynorsk til studentane. 

Tekst: Sølve Selstø, professor i fysikk ved OsloMet

Det blir sagt at vi lever i eit kunnskapssamfunn. Dersom store hol i kunnskapen din kjem for dagen, brukar det å vere ganske flautt. Men ikkje alltid; ofte er det er heilt ok om du kjem til kort når det gjeld matematikk, bibelhistorie eller nynorsk. Som matematikk-lærar, teologi-interessert og stolt vestlending busett i Oslo vert eg rett som det er ein slags raring. Av og til får eg lyst til å bli fråhaldsman også – berre på trass.

OsloMet

Til dagleg underviser og forskar eg ved OsloMet – storbyuniversitetet. Eg har mykje fint å seie om arbeidsstaden min. Men der er også eit par ting eg er flau over. Namnet, til dømes. Eg skal erkjenne at eg framleis, etter nærare eitt og eit halvt år, skjemmest litt når eg svarar på spørsmål om kvar eg jobbar. Det var nok ikkje berre eg som vart overraska då arbeidsstaden min ikkje ein gong nådde pallplass då avisa Dag og tid skulle kåre dei tåpelegaste nye namna i fjor. Men her skal det også leggast til at då vi hamna på «den sure fjerdeplassen», kom dette mellom anna av at vi hadde fått ein del tyn i media frå før.

Nynorsk versjon

Men namnet er ikkje det flauaste på, eh, OsloMet. Kvart semester får vi ei påminning når eksamen nærmar seg om at vi bør ha oppgåvesetta våre klare. Med denne påminninga kjem det også ein beskjed om det er nødvendig å lage ein nynorsk versjon av oppgåvesettet. Dette veit ikkje vi lærarar frå før; vi får ikkje vite om målforma til studentane våre. Kvifor det? Fordi altfor mange nynorsk-studentar opplever at førelesarar går på enkeltstudentar og spør om det eigentleg er så viktig om dei får eksamensoppgåva på nynorsk. Det er ikkje alltid like lett for ein student å insistere på retten sin då – når ein får tydeleg beskjed om at ein lagar brysamt «ekstra-arbeid» for den «stakkars» læraren. At det vanlegvis er den same læraren som skal rette og gi karakter på eksamenssvaret etterpå, gjer ikkje saka betre. Difor får ikkje vi lærarar vite kven desse «brysame» nynorskstudentane er. Det løyser problemet. Men det er flautt, det er flautt, det er flautt, flautt, flautt at det skal vere nødvendig.

Problem ved fleire stader

Men det skal også leggast til at vi her på huset ikkje er aleine om dette problemet. Ved fleire institusjonar har vi høyrt historier om studentar som kjenner seg pressa til å gi opp retten til eksamenstekst på eiga målform. Og vi har høyrt om studentar som har fått utdelt oppgåvesett skrive på tulle-nynorsk. Om slikt kjem av sviktande innsikt eller barnsleg trass frå læraren, veit eg ikkje. Men det går uansett ut over studentane, og det er uansett flautt. For min eigen del slutta eg etter kvart å be om eksamen på målforma mi då eg var student ved Universitetet i Bergen – ikkje fordi det gjorde meg noko å vere «rusk i maskineriet», men fordi «nynorsken» ofte viste seg å vere vanskeleg å dechiffrere. Eg risikerte å gjere det dårlegare på eksamen på grunn av at eg ikkje forstod spørsmåla.

Programvare og nynorsk-konsulentar

Vi skal ikkje kimse av at det kan vere vanskeleg for mange undervisarar å skrive nynorsk. Til dømes har eg mange utanlandske kollegaer som enda ikkje har fått høve til å lære seg målforma. For nokre år sidan fekk vi som underviser, tilbod om å bruke eiga programvare for å omsette «fra bokmål til sidemål». No har vi heldigvis eigne nynorsk-konsulentar på ingeniørutdanninga i staden. Eg er ein av dei. I år har eg ikkje fått eit einaste spørsmål om hjelp med omsettinga. Og det uroar meg.

Mange droppar nynorsk

Eg har vondt for å sjå for meg at vi har færre studentar som naturleg brukar nynorsk no enn før. Eg er redd mange av dei rett og slett droppar nynorsken når dei kjem til hovudstaden. Og det er her det er fare på ferde. Manglande vilje til å gjere jobben sin og dårleg dømmekraft frå enkelte lærarar er ille nok. Men dersom vi som brukar nynorsk, er flaue over målet vårt, har vi eit mykje større problem. På Ivar Aasen-tunet kan vi lese følgjande sitat frå ein 9.-klassing frå Volda: «Ej hata å skrive nynorsk. De høres så dommt ut!!!» Sitatet er rettnok ikkje nytt. Og vi kan håpe at eleven ikkje representerer mange. På Aasen-tunet finn vi også dette sitatet: «Stryker du i fransk, er det din egen feil. Det vet da alle. Men stryker du i nynorsk, er det bare komisk og helt opplagt nynorskens feil, det vet også alle.» Det er viktig at unge nynorsk-brukarar ikkje kjøper fordommar av den typen som Stein Ørnhøi på herleg ironisk vis spissformulerer her.

Språkleg mangfald

For eit par år sidan publiserte eg eit anna hjartesukk om eksamen på nynorsk i «lokalavisa» her på OsloMet, Khrono. Det var stas då kollegaer kommenterte det og skrytte av det. Men det var også interessant å legge merke til at ingen av dei som gjorde det, var norske.

Språkleg mangfald er på ingen måte unikt for Noreg. Språklege minoritetar i mange land er stolte over kven dei er – og språket sitt. Det har også vi nynorsk-folk all grunn til å vere. Om du som les dette, skulle vere student: Ikkje ver flau over dialekta di og målforma di! Krev retten din til eksamen skriven på skikkeleg nynorsk – og gjer det med rak rygg!