• Blogg
  • Fleire nynorske bøker, takk!

Fleire nynorske bøker, takk!

06.09.2023

Ole I B Storø stående til nettside

Sidan 2016 har Tid for ti formidla nynorske bøker til elevar på sjuande trinn i heile Noreg. Bøkene engasjerer, skapar gode samtalar i klasseromma og blir lånte ut på biblioteka. Likevel: Vi ønskjer oss fleire nynorske bøker for unge lesarar, og håper fleire forlag tek oppfordringa.

Tekst: Ole I.B. Storø
Foto: Foreningen !les

Tid for ti er ein nasjonal, nynorsk leseaksjon av Foreningen !les i samarbeid med Nynorsksenteret. Målet er å presentere eit breitt utval av nynorsk litteratur for elevar og lærarar på sjuande trinn i norsk skule. Aksjonen skal gi lesarane smakebitar på bøker som i seg sjølv gir ei god leseoppleving, men utdraga skal og inspirere til fordjuping og til å lese heile bøkene som utdraga er henta ifrå.

Aksjonen har og eit mål om at nynorskbrukarar skal få auka språkleg sjølvkjensle, og å gi bokmålsbrukarar eit positivt møte med nynorsk kvalitetslitteratur. I tillegg skal Tid for ti oppdatere lærarar og bibliotekarar på bøker og ressursar dei kan bruke i møte med lesarane.

Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa. Opplaget starta på 15 000, men på grunn av stor etterspurnad har det auka til 26 000. Til aksjonen følgjer ei eiga nettside, tidforti.no, der tekstutdrag, lydfiler, aktivitetar, konkurransar og lærarressursar er tilgjengelege. Mangfald er viktig i Tid for ti, så tekstane i antologien skal ha breidde i sjanger, tema, hovudpersonar, nivå osv. Lesarane skal finne noko dei likar, men og noko dei ikkje visste at dei likte.

Variert bruk av Tid for ti

Tilbakemeldingane på Tid for ti viser at forma til aksjonen, med antologi, digitale tekstar, lydfiler, konkurranse, aktivitetar og lærarressursar, fungerer veldig bra i norske klasserom. Antologien blir godt likt av eit fleirtal av lærarane. Ingen svarar at dei synest han er dårleg. Nettsida og lydfiler blir godt tekne imot og mykje brukt av dei som deltek i aksjonen.

I Tid for ti får lærarane tips til korleis dei kan jobbe med bøkene og utdraga i antologien. For dei aller fleste er dette nyttige ressursar. Dei fortel om varierte og gode opplegg som er lette å ta i bruk. Fleire bruker ressursane målretta, medan andre plukkar ut enkelte delar som dei tek i bruk eller har som utgangspunkt for eigne opplegg.

– Oppgåvene knytte til dei enkelte utdraga har vore gode. Elevane må tenkje og gå djupare inn i materien. Oppgåvene har vore krevjande og utfordrande for elevane, samstundes som dei har vore gode retningsliner for kva som møter dei i ungdomstrinnet, seier til dømes ein lærar som deltok i Tid for ti 2023.

Det varierer korleis lærarane vel å bruke Tid for ti i møte med elevane. Aksjonen er lagd opp slik at lærarane sjølv avgjer kor mykje tid og kor grundig dei skal bruke bøkene og opplegget. Dette er fordi Tid for ti skal vere tilpassa kvar enkelt lærar sin skulekvardag. I tilbakemeldingane frå 2023 seier til dømes fleire lærarar at dei har brukt Tid for ti som leselekse og så diskutert tekstane i fellesskap i klassa. Andre har køyrt eit meir strikt opplegg med eitt utdrag per veke, medan enkelte har lytta til tekstane eller lese høgt i klassa. Ein del har leita fram ukjende ord, skrive bokmeldingar, laga teikningar eller presentasjonar av bøkene og forfattarane.

Ein skule fortel at dei har laminert alle forsidene og deretter analysert omslaga, medan ein lærar seier hen har brukt boka både som utgangspunkt for samtale og heimearbeid. Det har vore høgtlesing og samtalar, men og som trening for å skrive nynorsk og utvikle språkkjensla. Lydfilene har ein særleg viktig funksjon ettersom dei gir alle elevane tilgang til tekstane. Lærarane er tydelege på at lydfilene har fungert som lesestøtte og som eit inkluderande tiltak når dei har samtala om bøkene etterpå.

Behov for fleire bøker

Mange lærarar har konstruktive tilbakemeldingar på aksjonen. Dei er opptekne av meir breidde i sjangrar og saknar humoristiske bøker og krimfortellingar. Dei vil gjerne ha tips til fleire bøker, som til dømes «likte du denne, vil du like denne!». Enkelte påpeikar og at vi bør unngå å bruke same bøker i Bokslukarprisen og Tid for ti, og dei same bøkene i Tid for ti to år på rad.

Då den første antologien blei laga hausten 2015, var det utfordrande å sette saman ei bokliste med berre nye og aktuelle titlar. Vi måtte derfor gå litt tilbake i tid for å få på plass ein antologi vi var nøgde med. For å sikre ein kvalitetsgod antologi kvart einaste år, har det vore nødvendig å inkludere eit par bøker frå førre Tid for ti-aksjon. Enkelte gongar er same bok og blitt nominert til Bokslukarprisen på mellomtrinnet. Vi har forståing for at lærarar og elevar på sjuande trinn vil ha nye bøker og sleppe å møte den same boka i Tid for ti som dei las i Bokslukarprisen eller omvendt. Når det skjer, er det fordi vi manglar nok titlar å velje mellom og då prioriterer å bruke bøkene som har blitt godt likte av lesarane.

Ifølgje Norsk barnebokinstitutt sin oversikt over norske barne- og ungdomsbøker har nynorskandelen dei siste fem åra gått ned. Totalt blei det i 2021, som er siste året undersøkinga har tall i frå, utgjeve 1027 titlar på bokmål og nynorsk. Berre 52 av desse var på nynorsk. Det utgjer 5 prosent av alle bøkene og er det lågaste talet i femårsperioden 2017–2021.

Ideelt sett skulle Tid for ti kvart einaste år hatt berre nye bøker. Ved å bruke fleire nynorske ungdomsbøker i aksjonen har det blitt lettare å finne bøker, men vi opplever framleis at det er utfordrande å kuratere ein nynorsk antologi som inneheld ti nye titlar til målgruppa. Kan vi håpe at fleire forlag tør å satse på fleire nynorske bøker og gjerne meir humor, krim og spenning?

Påmelding til Tid for ti 2024

Vil du melde deg på Tid for ti 2024?

Du kan melde deg på her

Merk at du må opprette ein brukar og logge inn. Deretter bestiller du pakkar på ti bøker. Skal du til dømes bestille til 50 elevar, bestiller du 5 pakkar. Enkelt og greitt!

Frist for påmelding er 1. november 2023. Utsending av antologiar startar første veka i januar 2024.

Kontakt les@foreningenles.no viss du lurar på noko.