• Blogg
  • Forfattar med kjærleik til dyra og naturen

Forfattar med kjærleik til dyra og naturen

05.03.2020

Hilde Myklebust H Bilete

Forfattar Hilde Myklebust byggjer på eigne opplevingar i den nye barneboka Ylva og villgeitene.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

«Syltedalen» står det med svarte bokstavar på det gule vegskiltet. Vi følgjer den smale vegen framover dalen denne vinterdagen. Heilt inst i dalen, utanfor ein raud fjøs med solide steinmurar, møter vi ei dame i lilla dress.

– Velkomne! smiler forfattar og gardbrukar Hilde Myklebust.

Ho tek oss med inn i fjøsen som er frå 1850-talet. Denne garden har vore i familien gjennom fleire generasjonar. Lyset frå vindauget skin inn på dyra. Livet som gardbrukar på Sunnmøre inspirerer forfattaren.

– Det er her eg finn mykje råstoff til bøkene. Når ein bur slik som eg gjer og driv småbruk, så kjem ein veldig nær naturen, livet og døden, dei små og store syklusane, fortel Hilde.  

Gamal idé

Saman med illustratør Akin Duzakin har ho laga biletboka Ylva og villgeitene, som handlar om ei modig jente som må redde to geitekillingar frå ørna. Hilde fortel at ho byrja å skrive på historia for rundt ti år sidan.

– Eg var litt usikker på retning og forlet heile manuset. Anten måtte teksten kuttast kraftig ned, eller så måtte han byggjast skikkeleg ut til ei bok for eldre barn, forklarer Hilde.

Historia vart lagd i skrivebordsskuffa, og der har ho fått godgjort seg.

– Eg skreiv på andre ting i mange år, men då eg såg denne historia igjen, oppdaga eg at eg hadde gjort mykje meir med ho enn eg hugsa. Eg heldt fram arbeidet med teksten og kutta endå meir ned på han, fortel Hilde.

Deretter tok ho kontakt med Brynjulf Jung Tjønn som var ny forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget. Han likte ideen, og så var prosessen i gang igjen. Hilde er svært glad for at Akin Duzakin ville ta oppdraget med å illustrere Ylva og villgeitene.

– Akin er veldig flink til å teikne dyr og landskap, fortel ho.

Ho synest det har vore lærerikt å få vere med på prosessen med å lage biletbok. Samspelet mellom tekst og bilete er viktig.

– I arbeidet med denne boka har eg vorte mykje meir bevisst på kva illustratøren har fått med i teikningane som eg ikkje treng å ta med i teksten, fortel Hilde. 

Hilde Myklebust Med Kvit Geit
Historia i boka, Ylva og villgeitene, er inspirert av ei eiga oppleving som ligg tilbake i tid.

Basert på eigne opplevingar

Historia i boka er inspirert av ei eiga oppleving som ligg rundt 18 år tilbake i tid.

– Vi var på tur til Ytre Fure der vi møtte ei kjeande villgeit. Geitemora sprang frå dei to kjea. Det var ein mild vinter, men likevel kaldt nok å vere nyfødd og åleine i vinden. Vi tok med kjea inn til ho som eigde villgeitene. Ho sa at viss eg ville ha dei, kunne eg få ta dei med heim, og slik vart det. Sidan eg hadde bore dei inne i jakka mi, trudde dei at eg var mora deira, fortel Hilde.

Ho tok dei med heim og kalla dei for Borka og Undis.

– Det var ei fin oppleving som eg fortalde om til tantebarn og seinare eigne barn. Historia er dermed kvalitetssikra, ler Hilde.

I boka har ho bygd ut historia med bukken Svartskjegg. Han er faktisk inspirert av ein stor villbukk som vart kalla Bin Laden på folkemunne. Han brukte å kome ned frå fjella når folk minst venta det og "terrorisere" dei.  

Band mellom barn og dyr

Eit viktig element i historia er å framheve band mellom barn og dyr og magien som kan oppstå der.

– Eg ville skrive om ei modig jente som både hadde den kontakten med dyra og som visste korleis ho skulle bevege seg i naturen. Det å vere nær naturen og ha ein forbindelse til både dyr og natur, trur eg er viktig for den generasjonen som veks opp, seier Hilde.

Hovudpersonen Ylva har god kontakt med kjenslene sine, og det meiner Hilde er viktig i barnelitteraturen. Historia skildrar også det spesielle forholdet mellom far og dotter. Boka passar for dei eldste i barnehagen og dei yngste i barneskulen. Ho kan også eigne seg for elevar i ungdomsskulen som skal skrive biletbokanalyse.

– Biletbøker er ikkje berre for små barn. Eit viktig tema i boka er at ein må ofre litt for å hjelpe andre, og det er noko eg synest vi alle kan tenkje litt på, seier Hilde. 

Hilde Myklebust Med Geit2
Kjærleiken til dyra og naturen er eit tema som går igjen i alle bøkene som Hilde har skrive for både vaksne og barn.

Kjærleiken til dyra og naturen

Frå fjøsen der sauene heldt til går turen vidare framover dalen. Ein flokk på seks geiter kjem springande mot oss. Kjærleiken til dyra og naturen er eit tema som går igjen i alle bøkene som Hilde har skrive for både vaksne og barn.

– Av og til tenkjer eg at no må eg finne på noko nytt, men så slår det meg at når eg har det språket og tilfanget som er så sterkt knytt til plassen, så må eg bruke det for det det er verdt, seier Hilde.

Ho er oppteken av at stemningar, biletbruk og at det ho skriv skal vere ekte.

– Når eg er fysisk til stades på denne plassen tekstane spring ut ifrå, så trur eg det skjer noko med nærleiken og truverdet, og at lesaren kan merke det. Eg håpar i alle fall det, seier Hilde. 

Om Hilde Myklebust (f. 1979)

– I 2005 debuterte Hilde Myklebust som forfattar med diktsamlinga Berre dagar seinare.

– På femten år har ho gjeve ut til saman sju bøker. Tre av desse er skrivne for barn.

­– Du kan lese meir om dei tre barnebøkene på Nynorskbok.no

Ylva og villgeitene (2020)

Bjørkebokstavar (2015)

Jon og den lange julenatta (2009)