• Blogg
  • Fortnite på nynorsk

Fortnite på nynorsk

12.10.2020

Fortnite på nynorsk

Thor Erling Sætrevik ved Lagård ungdomsskole i Eigersund kommune sakna grammatikkoppgåver som var lette å ta i bruk, og som engasjerte gamerane i klasserommet. Han laga difor læringsopplegget «Fortnite på nynorsk» med ei klar målsetting om å gje elevane ei motiverande og engasjerande grammatikk- og språkundervising.

Tekst og foto: Jorid Saure

Sjølve ideen til den digitale utforminga fekk Sætrevik gjennom bloggen til den amerikanske læraren Tom Spall, som er oppteken av elevaktive og digitale læringsmetodar. Ved å ta utgangspunkt i ein ferdiglaga digital mal utforma Sætrevik ulike nynorske grammatikk- og skriveoppgåver som han plasserte i eit digitalt spelelandskap. Den allereie ferdigutvikla malen gjorde det mogleg å byggje opp ei visuell og interaktiv oppgåveverd, noko Sætrevik håpa skulle appellere til ungdomane.

Vil motivere elevane

Det var særleg dei elevane som stritta mest imot grammatikkopplæringa, Sætrevik hadde i tankane då han utforma oppgåvene.

– Det handlar om å prøve å motivere elevane til å arbeide med grammatikk, og då er det viktig å vere på deira heimebane, fortel Sætrevik.

Negative haldningar til nynorskopplæringa kan kome av at elevane sjeldan møter språket på arenaer dei knyter positive kjensler til (Askeland og Falck-Ytter 2009). Når læraren bruker kjende rammer og arenaer for opplæringa, kan det gjere elevane meir mottakelege og motiverte for arbeidet.

– Det var litt for å prøve å spele på deira referansar. Eg hadde gamerane i tankane, og dette opplegget kom på eit tidspunkt då Fortnite var veldig populært, seier Sætrevik.

Lett å ta i bruk

Sjølv om oppgåvene tek eit visuelt utgangspunkt i «Fortnite», er oppgåvepakken likevel ikkje eit dataspel, understrekar Sætrevik. Læringsopplegget byggjer på dataspelverda til «Fortnite» og er interaktivt i den forstand at elevane får tilgang til dei ulike oppgåvene ved å klikke på ulike punkt på det visuelle kartet. Derifrå vert elevane sende vidare til ulike grammatikk- og skriveoppgåver, som er plasserte på ulike stadar i Fortnite-landskapet. Elevane kan velje mellom oppgåvekategoriane verb, substantiv, adjektiv, pronomen og ulike skriveoppgåver.

– Nettopp valmoglegheita kan gjere arbeidet meir lystprega for elevane, og samstundes vere ein måte å differensiere undervisinga på for læraren, seier Sætrevik.

Gjennom Facebook-gruppa «Norsklærere 2.0» delte Sætrevik «Fortnite på nynorsk» med andre lærarar og fekk god respons på arbeidet. Den fyrste dagen oppgåvene vart lagde ut i gruppa, kom det 245 førespurnadar om å få bruke opplegget, så det er tydeleg at ideen til Sætrevik har slått an blant norsklærarane. Sjølv om den visuelle innpakkinga til oppgåvene ser avansert ut, treng du ikkje ha ein særskild digital kompetanse for å ta dei i bruk i klasserommet. Også hjå elevane vart «Fortnite på nynorsk» godt motteke. Sætrevik opplevde at elevane var nysgjerrige på oppgåvene, og la spesielt godt merke til måten gutane involverte seg i arbeidet på.

– Det er viktig å treffe elevane der dei er akkurat no, og då må du finne noko som er relevant for dei, utdjupar Sætrevik.

Ikkje minst er det viktig å bruke nynorsk på arenaer som elevane knyter positive kjensler til, og då er dataspelverda eit spanande utgangspunkt for grammatikkopplæringa.

Her finn du lenke til Fornite på nynorsk.

Referansar

Askeland, Norunn, og Falck-Ytter, Cecilie. (2009). Nynorsk på nytt. Bergen: Fagbokforlaget