• Blogg
  • Fotballforfattaren frå Bryne

Fotballforfattaren frå Bryne

30.01.2025

Ørjan Zazera Johansen til nettside

Korleis kan ein inspirere gutar til å lese meir? Barnebøker om ein av dei beste norske fotballspelarane gjennom tidene er ein god start. Ørjan Zazzera Johansen har skrive to. 

Tekst og foto: Heidi Fagna

Bryne er ein liten by på Jæren, men ein stor by i fotballverda. Denne rogalandsbyen med rundt 13 000 innbyggarar har fostra mange kjende fotballspelarar, og den største av dei alle er Erling Braut Haaland. 

Haaland vart fødd i år 2000 og har allereie herja med dei beste målvaktene i verda i fleire år. Dei siste åra har han spelt for det engelske laget Manchester City. 

I barne- og ungdomsåra spelte han på Bryne. Fotballkarrieren starta som 5-åring i det som skulle verte fotballprosjektet til den rutinerte trenaren Alf Ingve Berntsen. Han trente 40 spelarar som han fordelte over fleire lag.  Fleire av spelarane vart mellom dei beste i landet, men han valde å ikkje toppe nokon av laga. Slagordet var flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg.  

Mykje har vorte sagt og skrive om Erling Braut Haaland dei siste åra. Tidvis er han den mest omtalte idrettsutøvaren i verda. Han er høg, sterk, rask og på nesten mystisk vis akkurat der han bør vere på bana. 

– Det som imponerer meg aller mest, er kor kjapp han er i hovudet. Han reagerer så fort, veit kvar alle på bana er, les medspelarane sine og klarer å styre eit knallhardt innlegg rett i mål. Det handlar sjølvsagt om mykje trening, men der er også noko meir, og det er nok mest mentalt, seier Johansen i Bakom boka.  

Historia om Erling Braud Haaland omslag

To bøker om Haaland

I 2022 kom Historia om Erling Braut Haaland, og boka er som lova: Historia om Erling Braut Haaland. Me følgjer han frå barndomen til høgdepunkta i livet, eller i alle fall dei han har rokke tidleg i 20-åra. Dette er ganske tradisjonell sakprosa, skriven for fotballinteresserte barn på mellomsteget og oppover. 

To år seinare kom Erling Braut Haaland frå liten til størst. Her kan lesaren kjenne igjen ein del frå den førre boka. Me får nok ein gong møte Erling frå han var ein spretten femåring til ei vaksen megastjerne, men denne gongen gjennom auga til ein jamaldring på Bryne. 

Sjølv er Johansen mange år eldre enn Haaland. Han har laga ein fiktiv karakter, basert på intervju med gamletrenaren Berntsen og fleire av Haaland sine medspelarar i fotballprosjektet. Johansen dreg også vekslar på å kjenne fotballmiljøet på Bryne frå innsida. 

Erling Braut Haaland frå liten til størst omslag

Lesande gutar

Gutar og lesing er eit stadig aktuelt tema. Me skulle gjerne sett at både gutar og jenter las meir, men så er det gutane som les minst, og dermed dei ein snakkar mest om. 

Sidan 2012 har Ørjan Zazzera Johansen jobba på Garborgsenteret på Bryne. Det er eit nasjonalt formidlingssenter for forfatterskapane til Hulda og Arne Garborg. 

Han er så glad i bøker at han har tatt ein master i lesevitskap, men det var ikkje så lett å finne gode bøker om fotball då han sjølv var ein liten gut. Det ville han gjere noko med. 

– Me må få dei til å ville lese. Det nyttar ikkje å seie at det er viktig å lese og du får nytte av det heile livet og bla bla bla. Det må vere gildt å lese. Og det er jobben som me forfattarar må gjere. Me veit jo at dei liker å lære så lenge temaet er interessant for dei, seier Ørjan Zazzera Johansen.